The Middle End

Håvard reiser videre og deler velvillig skrøner og eventyr med oss og våre sammensvorne. Han har overrasket de fleste av oss med sine sosialantropologiske tendenser. Nå er det ikke lenge før vi får se vår Spansktalende eksil Førdenser igjen, men først:Kapittel 4 i hans serie av reisebrev…..

Kapittel 1: Livet utan amøber

Uten amøber som gnagde på innvollane mine var livskvaliteten tilbake på topp og eg kunne endelig oppleve San Pedro for alt det var verdt. Lise hadde endelig fått nytt pass og komt ned fra Mexico med 4 gutter fra Spania og Argentina.

San Pedro var virkelig ein ideell plass for å nyte livet dersom du klarte å instille mentaliteten på riktig frekvens, noke som var meget enkelt med mitt nye humør. Eg falt inn i ein ny mental tilstand som eg aldri har vert borti før, noke eg skal komme tilbake til i neste mail. Siden eg hadde slutta å røyke var alle sansane mine sjerpa og apetitten som ein gravid flodhest! San Pedro hadde alt eg trengte for å tilfredstille behova mine. Alle restaurangane hadde sin eigen hærlige spesialitet og dei saftige fruktene på alle bodene var som små paradis som utfolda seg i munnen min.

Settingen i heile byen var som utallige stuer med forskjellige aktiviteter. Barrio var den plassen du kunne gå til kver kveld for å spille pokerturnering og drikke verdens beste pils (svart med fyldig smak, men samtidig lett som ein lys pils), Buddha Bar hadde stemnigsfulle gratis-konserter og deilig sushi og billig Shisha, Freedom Bar hadde storskjerm og mjuke sofaseksjoner med fleire filmer for dagen, Dino’s stilte opp med europeiske spesialiteter og gratis trådløs internett og den lokale italieneren solgte pizza stykkevis med ein himmelsk kvitløksolje. Og uansett kor du var for å oppfylle ditt nåverande behov, så kom det alltid lokale maya-damer med verdens beste sjokoladekake, bananbrød, kanelboller og meir. Det var ingenting anna å gjøre enn å nyte dagane og ta imot alt som vart tilbudt deg. Og såklart det beste med heile pakka var at prisane var nermast lik null uansett kva du skulle ha! Kan det bli bedre? Eg vandra rundt i den lille byen kver dag og vart slått av nydelige motiv uansett kor eg snudde meg. Alt var rett og slett berre nydelig og vakkert og det var som eg hadde fått ei ny gave i livet til å sjå alt for det det virkelig var! Det var ingen sjønnheter som slapp unna og til min overfylte glede klarte eg å fange alt gjennom kameraet mitt.

Vi klarte heldigvis å rive oss løs fra sofaen av og til og fikk oppleve litt lokal kultur. I nabobyen var det festival med marknad og konsert som egentlig var ganske kjedelig, men turen dit var ein opplevelse i seg sjølv. Vi fikk først haik med ein pickup og satt på lasteplanet som alle andre lokale gjør. På turen tilbake tok vi lokal pickup-taxi som var endå morsommare. Vi vart stabla som sild i tønne og det var så fullt at lille meg ikkje fikk plass eingang, så eg hang bakpå pickupen i 30 minutt på hullete veier opp og ned eit fjell. Skummelt, men hysterisk morsomt!

Eg og Lise bestemte at det var på tide å riste av seg eit par sjokoladekaker, så vi tok med dei semi-lokale gutta på fjelltur til den største vulkanen 2200 m.o.h. For å gå den turen måtte man betale 100 kroner og ha med seg guide -fordi det var ein beskytta mariuana plantasje oppi fjellet-, men Argentinerane og Spanjolane nekta å betale ei krone ekstra så lenge det fantes ein sjangse for å snike seg unna. Så vi sneik oss forbi stasjonen der alle vaktene og guidane var. Vi tusla gjennom jungelen og sutta på ferske kaffebønner på vei opp og trudde vi hadde komt oss unna. På toppen fikk vi sjå heile vatnet som eigentlig er eit gammalt krater i ein gigantisk, gammal vulkan, og på den vokser det mindre vulkaner som den vi var på.
På veien ned hadde eg kappløp ned fjellet med 2 lokale gutter på rundt 10 år og ein guide. Eg kicka assen deira mens eg sklei ned heile fjellet og kasta meg mellom trea i svingane. Norwegian style baby!
Og så begynte problema. Vi møtte mange politimenn i uniform og guider som spurte kor guiden vår var. Eg og Lise klarte å snike oss unna 2 ganger, men til slutt kontakta dei noken via radio som møtte oss på veien. Vi vart frakta ned til stasjonen av ein morsk mann i uniform og pumpehagle. Politiet blir betalt for å beskytte plantasjen så det var vanskelig å vite kor seriøs situasjonen eigentlig var. Når Raffa og gjengen kom ned vart det andre boller. Dei hilste hyggelig på alle politimennene og slo an ein liten vits for å få latteren igang. Og vips så slapp vi unna med halv pris og ingen straff! Alltid gøy å ha med seg noken som kjenner kulturen litt bedre J
Før eg skulle forlate San Pedro tok vi ein tur til Chichicastenango for å utforske den massive marknaden dei holdt kver søndag. Der kunne man vandre rundt i timesvis i ein gigantisk labyrint med uttallige boder og ufattelige farger. Det var ingenting man ikkje kunne finne på marknaden; frukt av alle slag, grønnsaker, kle, smykker, luer, slakta kjøtt, stein i alle fasonger og såklart lommetjuver i alle størrelser…

Kapittel 2: Dykking og bestikkelser

Eg tok farvel med læreren min som endelig hadde lært meg å prate skikkelig spansk, alle pokerkompisane mine, den lokale familien eg budde hos og Lise før eg tok turen tilbake til Antigua med spanjolane.
Det var på tide å flytte seg sørover siden eg hadde ein avtale med Mari om å dra til Columbia fra Panama. Men først måtte eg ta ei veke i Honduras med noken svensker eg hadde møtt i Guatemala.
Utila er ei vakker øy utanfor den karibiske kysten til Honduras. Det er den einaste plassen i Honduras dei prater engelsk, eller nærmare sagt rastafari-engelsk. Alle drar hit for å dykke og øya er full av vestlige folk som har busatt seg der for å jobbe som dykkerinstruktørar. Utanfor Utila fins verdens nest største rev og prisane på dykking er dei lavaste i verden! Så eg bestemte meg for å ta eit nytt dykkerkurs som eg har ønska meg lenge. Nitrox er ein blanding av luft som inneholder meir oksygen enn vanlig. P.g.a blandinga kan man vere under vatn lenger på visse dybder, men som alt anna så har denne positive effekten ei negativ side. Vansligvis når man dykker må man vere forsiktig med kor mykje nitrogen man har blodet. Men med Nitrox blanding må man også holde styr på oksygenmengda så man ikkje får oksygenforgiftning.
Alt i alt er det ikkje så farlig, man må berre passe på dybden og klokka så går alt bra. Men når du skal dykke med Nitrox for første gang så vil du helst vere med noken som har peiling på kva dei gjør. Eg derimot skulle bli leda av ei jente som tok samme kurset som meg og som holdt på å utdanne seg som Divemaster. Må sei eg var litt skeptisk til å bli opplært av noken med mindre erfaring enn meg og uten kjennskap til Nitrox. Så eg forsikra meg om å få låne ei klokke før vi drog ut. Det viste seg å vere smart siden det var eg som måtte dra ho opp fra vatnet når tida vår var ute.
Dei andre Divemaster studentane skulle ta vrakdykket sitt med kartlegging og penetrering, så eg spurte instruktøren Ian, den store Highlanderen, om eg fikk bli med siden eg allerede hadde tatt kurset. Det var virkelig verdt opplevelsen å dykke ned til Halliburton oljetankeren på 30 meter. Siden eg hadde Nirox hadde eg nok av tid til å utforske vraket fra innsida og Ian lot meg gjøre det på eigenhånd så eg slapp å svømme i støvet til dei andre. Eg var såklart ikkje langt unna dei andre og fulgte ei planlagt rute i tilfelle noke skulle skje. Passasjane ned trapper og gjennom dører var så trange at regulatoren min hang seg fast 2 ganger! Det var ufattelig spennande siden eg ikkje hadde mulighet til å snu meg når slangen rykte tak i munnstykket mitt. Då var det berre å ta det heilt rolig og leite med hendene kor slangen hang fast. Eg møtte også ei gigantisk krabbe nede i lasterommet. Den studerte meg lenge ansikt til ansikt før den krabba vidare som ein kjempe-edderkopp.

Dagane i Utila var heller ingenting å klage på. Vi budde på dykkersenteret for 3$ dagen og hadde ei nydelig utsikt over havet. Senteret var bygd som ein enorm platning over vatnet med eit 2 etasjes tårn på enden. Der kunne man ligge i hengekøye nede i skyggen, sole seg på toppen og hoppe fra 4 meter ned i havet. Rundt platningen hadde dei også laga eit kunstig rev der alle småfiskane koste seg i trygghet og vart mata med fersk fisk i ny og ne. Ein stor mureneål hadde også busatt seg der og om kveldane låg rokkene rett utanfor romma våre og sov på sanddynene under vatnet. Det var virkelig ein fortryllande plass.
Dei forskjellige dykkesentera hadde fester kver dag og der møtte eg månadens ADHD kandidat, men han holdt eg meg unna sidan han meinte han var “The Pirate of the Caribean” og var møkkings som ei ugle på speed. Det verste var at han faktisk såg ut som ein pirat fra caribien.
På ein anna fest møtte eg ein gammal lokal pirat som hadde jobba på norske båter. Eg har møtt utrulig mange personer fra andre land som har jobba på dei merkligaste plasser i Norge og det er alltid gøy å få høre historier om sitt eiget land fra eit anna synspunkt. Denne gamle piraten var så takknemmelig for alt han hadde fått fra norske oljefirma og ville tilbake så masse som mulig til det norske folk. Så han skaffa meg ein dobbel porsjon av den hærlige grillmaten og eit par pils mens han fortalte meg om huset han hadde fått kjøpt på øya si etter å ha jobba for oljen i Norge.
David White var ein anna gammal mann eg traff når eg skulle hente klesvasken min. Han ba meg sette meg ned å vente på kona hans som hadde klea mine.
“Buddy”, som han kalte seg, var ein svær, heilt svart neger på rundt 70 år, og med sin overdrivne rastafari-engelsk var det fortryllande å høre på hans historier om verden mens kolibrifuglane surra rundt oss. Han var ein sjølverklært verdensmann og såg tvers gjennom alle løgnene som dagens samfunn satt på. Krigen i Irak, Iran som kom til å bli neste slagmark, kampen om vatnet, og dei ulike religionane var noken av dei tinga han fortalte meg om. Han var ingen bibelsk person, men visste alt som bibelen hadde å fortelle, og ein av dei tinga han nemte for meg som han tydeligvis trudde på, og som gjorde inntrykk på meg var:
“Remeber son dat it saays dat God will laay his hand on dis erth befor his holy land is broken!”
Og med det meinte han at Gud ville komme til jorda før Israel har tapt, vilket kan vere når som helst…
Ei stor negerdame med solbleika, rød kjole og krøllballer i håret entra hagen med eit par matposer av avbraut Buddy si historie lekse.
“Dere she is man! Get dis boy his clothes mama!” sa Buddy og reiste seg fra stolen. Han rakte fram den store labben sin og sa “Yu ever need anyting son, yu com to Buddy alright?” Eg gav han eit smil og eit fast håndtrykk før eg gikk tilbake med reine kle.
Reisekompisane mine fra Sverige hadde kjøpt seg ein feit, gammal van som eg fikk sitte på med vidare sørover. Det var ein rusten Chevy med 6 liters motor som var bygd om fra automat til vanlig gir. Noke som ikkje stemte heilt overens. Den var eit udyr å kjøre og innsida såg ut som magesekken til ein rotten elefant. Men vi klarte ivertfall å stappe 8 backpackerar med full bagasje inni bussen, så vi var fornøgd med det.
Gjennom Honduras og Nicaragua vart vi stoppa av utallige politikontroller som ransaka alt av bagasje og lot ein stakkars hund snuse gjennom den skitne jolla vår. Alle leita etter feil i papira våre som kunne bidra til ein ekstra slant til den magre lønna deira. Det var ikkje før vi hadde klart å krysse grensa og sluppe unna 8 kontroller at dei faktisk klarte å finne den enklaste feilen vi hadde. Skiltnummeret på papiret var så langt unna du kunne komme skiltnummeret på bilen og dermed satt vi i saksa. Det var leina opp med 3 politibiler, 12 menn i uniform og våpen og ein rufsete, sliten hund. Eg hadde fått rolla som spansk tolk og måtte ta meg av praten med politiet som påpeika at her hadde vi eit stort problem.
Eg drog den eine politimannen til sida for å ta ein prat.
“Kva skal vi gjøre for å fikse problemet?” spurte eg.
“Dokke må bli med ned på stasjonen og kjøpe eit nytt skjema for bilen” sa politimannen og kvilte hendene på hagla si som hang rundt halsen.
“Og kor masse kosta eit slikt skjema?” spurte eg uskyldig.
Han gikk bort til kollegane sine og dei samla seg i ein ring for å diskutere saken. Idet han begynte å gå mot meg såg eg at dei andre begynte å rydde sammen alle sjeglene og stable folk inni bilane.
“20 amerikanske dollar” svarte han idet 2 av bilane begynte å rulle sakte langs veien.
Eg gikk inn i varket vårt og fiska fram ein 20$ seddel.
“Amigo!” ropte eg og vinka han over.
Han tok seddelen mens han såg seg rundt, deretter sprang han til den siste bilen som stod og venta og hoppa på lasteplanet.
Sekunder seinare var det ingen spor av dei og vi kunne kjøre vidare. Det var min første offisielle bestikkelse og det var verdt alle pengane! Alt i alt var det jo berre litt over 2 usle dollar pr. pers i bilen.
Heldigvis var det aldri noken som brydde seg om at ingen av oss var lista som den registrerte eigeren av bilen…

Kapittel 3: Slutten på mellom-amerika

Eg hadde dårlig tid og måtte forlate reiseselskapet i Nicaragua for å ta bussen ned til Panama. Det var ingen tur eg såg fram til siden eg måtte krysse halve Nicaragua, heile Costa Rica (igjen!) og halve Panama.
Vi budde hos ein familie i Nicaragua som hadde gitt oss rom med kabel TV, private baderom og eit stort kjøkken for 30 kroner natta og heldigvis fikk vi låst inn bilen siden det var det værste nabolaget i hovudstaden. Eg prøvde å finne buss direkte til Panama og spurte dattera om hjelp mens eg rota gjennom gule sider på spansk. Ho begynte å lese høgt i gule sider, og til min forbløffelse leste den 20 år gamle jenta ein og ein bokstav av gangen, så det tok ho ein halvtime å lese ei annonse. Det er utrulig kor mange analfabeter det fins i denne verden, og at eg kan lese spansk bedre enn mange lokale syns eg er heilt ufattelig!

Eg fikk til slutt ein bilett til San Jose, hovustaden i Costa Rica som eg allerede har besøkt 3 ganger før. Bussturen tok 15 timer og var som vanlig eit hælvetes slit med bilettkontroller og tull. Dei har det dårligaste systemet når det gjelder biletter i desse landa! Først må dei skrive ei bok på biletten din om all slags mulig urellevant informasjon som passnummer, adresse, telefonnummer osv. og så skal samtlige sjekke denne informasjonen 20 ganger etter at du har satt deg på bussen! Eg blir heilt grønn i trusa når eg må lappe opp ein bilett til alle som vil utøve litt makt. I Honduras tok dei til og med bilde av oss og gav oss “boardincard” når vi gikk ut av bussen. Deretter måtte dei kryssjekke boardingkortet med passet ditt når du skulle på bussen igjenn… Sliiiiiit!!!!

På vei gjennom landa tenkte eg over den tragiske historia som brer seg over heile mellom-amerika. Uansett vilket land du er i så kan du banne på at USA har satt sine skitne føtter i landet og laga djupe spor i økonomien ved å stjele alt av resurser og arbeidskraft. Samtlige har tapt liv og verdier under harde slag fra statane som prøver å få satt den grådige kloa si i alle fruktene som landa høster. Til og med bilselskapa har satt ein stopper for utviklinga for å ikkje tape penger. Eg har ikkje sett eit einaste togspor i heile mellom-amerika, og det fins ein god grunn til det…
For lenge sida vart det klargjort for å legge togbane gjennom heile mellom-amerika for å lette på transportutgifter og arbeid. Men det var såklart noken som såg ei bakside av desse planane, nemlig bilselskapa som forsynte transportselskapa med lastebiler og busser. Så dei kjøpte opp alle rettighetane til togplanlegginga og derfor er det til dags dato ingen tog i mellom-amerika.
Eg veit at nesten alle land har blodig og skitten historie, men det som er spsiellt med dei landa som USA har trakka på er at historia deira er relativ fersk. Vi snakker ikkje om 1800-tallet og kolonitider, men datoer som 80-tallet og dagen idag! Man skulle tru at verden hadde utvikla seg til ein litt meir sivilisert plass, men det er akkurat det samme idag som det var for 200 eller 2000 år sida. Det skjer berre bak fleire lukka dører og på meir utspekulerte måter.

Vel framme i San Jose etter 15 timer i ein miksmaster, såg eg ein buss på andre sida av veien som var merka med “Panama City”. Eg hadde lite lyst til å tilbringe ei natt i San Jose for 4. gang og klokka jobba hardt mot meg. Så eg sprang over veien i håp om å få ein bilett samme kveld. Etter 2 timer på stand by fikk eg heldigvis bilett. Det tok 29 timer totalt og 2 grenseoverganger før eg endelig kom fram til Panama City, innehaver av 1900-tallets største ingeniørverk, The Panama Canal!

Vi drog til Panamakanalen og timingen var perfekt! Når vi kom stod det eit enormt lasteskip fra Thailand som venta på at slusene skulle opne seg. Så vi fikk med oss heile prosessen i eine enden av kanalen som består av å løfte eit skip, nesten uansett størrelse, noke og 80 fot opp til ferskvatnet. Båtane blir dradd av opp til 8 små tog gjennom slusene før dei kan kjøre gjennom kanalen til utgangen der dei blir senka til havet igjenn.
USA har såklart satt sine spor her også, men det gidder eg ikkje å gå så djupt inn i. Kort sagt så hjalp dei Panama å bli fri fra Columbia slik at dei kunne bygge Panamakanalen og tjene masse penger…
Kanalen er utvilsomt det som står for mesteparten av Panama’s BNP idag. Skipet som vi såg gå gjennom kanalen betalte i underkant av 67.000$ for å slippe gjennom og den dyraste prisen hittil var på 259.000$ for eit skip.
Noken har også klart å slippe billig gjennom kanalen som Richard Halliburton som svømte gjennom kanalen og betalte 36 cent i 1928. Panamakanalen er under stadig utbygging for å snake inn meir penger ved å føre fleire og større skip gjennom. I 2005 sanka dei inn $847,6 mill i tollavgifter.
Mari hadde dratt fra Panama allerede siden eg var så sinnsjukt treig. Eg prøvde å haike med seglebåt til Columbia, men ingen skulle dra før slutten av februar som var litt for seint. Så eg måtte belage meg på ein kjedelig flytur istaden. I mellomtida samla verden seg på eit av dei få hostela i byen. Det er ganske gøy å sjå kor global verden har blitt. Vi var 6 personer på byen ein kveld, alle fra forskjellige deler av verden. Ein fra Australia, eit par fra Japan, ein fra Argentina, meg fra Europa og ein fra Afrika. Sammen representerte vi heile planeten i verdensdeler og alle koste seg sammen på byen. Med engelsk og spansk gikk komunikasjonen på kryss og tvers fra verdensdel til verdensdel.

No er eg ferdig med mellom-amerika,og det har gitt meg større apetitt for denne delen av verden. Eg har komt til eit nytt mentalt stadie og setter meir pris på livet no enn noken gang før! I alle land har eg blitt fora med inntrykk fra fattig og rik, og det har vist meg at alt er relativt. Det fins lykke i alle hjørner uansett vilken tilstand. Og menneska her finner alltid ein måte å overleve på. Eg har aldri møtt så få folk som tigger etter penger, istaden har dei alltid eit eller anna å tilby deg dersom dei vil ha noke. Det er ofte ubrukelige ting som du aldri kunne tenkt deg å kjøpe, men dei prøver ivertfall å jobbe for det.
Dei lokale har også blitt hyggeligare for kver dag som har gått og det er unektelig fordi eg har lært meg meir spansk kver dag. Det viser igjenn kor viktig det er å globalisere seg for å kunne komunisere med andre deler av verden. Eg har til og med fått væpna vakter rundt bankane til å le og smile sammen med meg mens eg later som eg skal stjele pumpehaglene deira! Vi forlanger at enkelte kriterier skal vere oppfylt for dei som kjem til landet vårt og slik er det såklart i andre land også. Man må berre vise respekt og bøye seg for kulturen man besøker.
Eg liker å tenke at med den nye generasjonen kjem det nye lederar med større kjennskap til andre kulturar og med større respekt for mennesker som er annerleis. Eg syns det er utrulig viktig å møte mennesker fra andre deler av verden i sitt eiget miljø -istaden for å bli mata med salgsrik informasjon via media- for å kunne forstå korleis dei tenker og ikkje minst fortå kva som er normalt i andre kulturer. Med globaliseringa og tynnare grenser kan verden kanskje forstå kverandre bedre og dermed skape ferre konflikter.
Det er jo lov å håpe…

Det var alt for denne gang!
Neste mail: Mental revolusjon og aligatorjakt!
Kos dokke i snøen så lenge.

Håvard

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *