God Jul fra Håvard!

På 1600-tallet invaderte Europeerane Cuba og begynte den klassiske slavehandelen for å skaffe seg rikdom via andres arbeid. Fra 1600 til rundt 1850, økte antallet slaver fra 4000 til nesten 500.000. Det var på denne tida (1850) revolusjonen begynte å ta form. Folket var evig undertrykt av imperialistane og dei såg demonen som kapitalismen førte med seg.
Dei infødte vart først utnytta til å framstille gull, etterfulgt av medbrakte slaver som jobba på sukkerplantasjane.

Eg trur det var på begynnelsen av 1800-tallet at krigane begynte, og dei fortsatte nesten kontinuerlig til 1959 når revolusjonen kom til makta. Fra 1876 til 1878 var det 33 slag rundt om på Cuba. Spanjolane og Amerikanerane var begge ivrige i kampen om Cuba. Amerikanerane fortsatte å undertrykke opprørerane som demonstrerte mot kapitalismen, og dei første kommunistiske partia såg dagens lys på slutten av 1800-tallet/begynnelsen av 1900-tallet.
Daglig var det folkemord og tortur av opprørerar. Og samtlige av dei 5 første kommunistiske partilederane vart myrda under ledelsen til Batista, diktatoren som regjerte Cuba fram til Fidel Castro og revolusjonen seira. Ofte vart opprørerar funne døde i gatene, gjerne hengt så det skulle sjå ut som om det var sjølvmord, men dei lurte ingen.

Det er tydelig i historia at dess meir du undertrykker folk, desto sterkare blir hatet og patroismen i folket. Dette er jo ein selvfølge, men det er også tydelige tegn på dette i dagens samfunn rundt om i verda. Som f.eks i Sverige der dei har ein nulltolleranse mot gjenger. Politiet har eigne styrker som trakaserer og plager mengder med mennesker for å få informasjon om eventuelle gjengmedlemmer. På grunn av dette øker hatet mot politiet og styresmaktene som igjenn fører til fleire gjengmedlemmer og heftigare tiltak for å hevne seg mot undertykkelsen. I Sveriges tilfelle er dei i krig mot eit monster som er i vekst p.g.a deira eigne tiltak. Istadenfor å bruke hjelpande midler er dei sjølv med på å skape dette monsteret.

Det var samme situasjonen som utarta seg på Cuba og fikk gerilliaen til å vokse. I seinare tid, 1959, var det Fidel Castro som leda revolusjonen. Antall arbeidlsedige låg på over 500.000, som var over 50% av dei infødte, og 400.000 arbeiderar levde under svært dårlige kår. Det var derfor meget enkelt å samle ein gerillia-hær og samtidig spre buskapet om kommunismen som ville skape balanse mellom folket. Det er ikkje vanskelig å fostå at under desse omstendighetane virka kommunismen som redninga for folket, og dessutan ville fleirtallet kvitte seg med diktatoren, Batista.Men det skal vere sagt at Castro trua med å brenne ned sukkerplantasjane dersom ikkje folk rekruterte seg…

I 1955 møtte Fidel Castro Argentineren Ernesto Geuvara. Han vart født i Argentina, men vart seinare omgjort til Cubansk fra fødselen og fikk navnet Ernesto “Che” Geuvara, Han var utdanna i medisin og fysikk, og skulle eigentlig jobbe som militærlege for Castro sin hær. Castro sjølv er utdanna advokat. Che Geuvara var ein hardt arbeidande mann som frykta ingen. Han hadde også budd i USA ein periode der hatet mot kapitalismen begynte å vokse i blodet hans. Castro gav han, etter kort tid, ranken “Commander”, og under denne tittelen leda han mange viktige slag og vart kjent for sitt mot sidan mange av slaga var mot ein sterkare fiende.

Når revolusjonen kom til makta begynte oppbygginga av landet. På få år bygde staten tusenvis av skular og legekontor. Geuvara var lederen for industri-departementet samtidig som han trente soldater og skapte diplomatiske avtaler med andre land. Mexico var det einaste latin-amerikanske landet som ikkje hadde kutta diplomatisk samarbeid med Cuba etter revolusjonen. Geuvara reiste sjølv til Asia og Afrika for å knytte diplomatiske band.

Undertrykkelsen fra USA fortsatte og når Cuba begynte å samarbeide med Russland vart frykten i Statane enorm. Cuba er eit ekstremt viktig strategisk område i militær samanheng, og når USA’s største fiende satt opp ein militær base under den kalde krigen var det mange Amerikanerar som fikk glør under føttene. USA drepte utallige sivile med flybombing og saboterte båter som dei sprengte ved havna i Havana. Dei fortsatte å fly over Cuba for å skape frykt blandt folket og samtidig finkjemme området for Russiske miltærstyrker. I 1969 vart Che Geuvara drept av snikskytterar, soldater fra CIA som utnytta sjangsen etter at Geuvara vart skada i kamp. Dei skapte ein av verdens største martyrer og gjorde saken desto verre for seg sjølv.

Etter krigen mot USA var landet meir eller mindre ferdig oppbygd , Fidel hadde klart å utdanne folket sitt og nesten alle var i arbeid. Kommunismen skapte arbeid og likheit mellom folket, det var endelig balanse i landet. Men der stoppa utviklinga. Kommunismen som var rota til alt godt som hadde skjedd i landet vart plutselig sin eigen fiende. Ingen hadde mulighet til å skaffe seg rikdom uansett kva dei gjorde, og staten gav midler kun til det nødvendige. Kommunismen ser flott ut på papiret, men når dei verste tidene er over ser man at det er ein blindvei med full stopp for utvikling. Det er privat økonomi som skaper konkuranse og utvikling i verden. Progresjonen er lik null når monopolet står for utviklinga. Det ein ser i Cuba idag er restane av utviklinga; biler fra 50-tallet og forfalne bygg. Det er ein spennande verden å besøke, men ingen plass å sitte fast på, ivertfall ikkje for meg. I tillegg ser eg få spor av kommunisme i økonomisk sammenheng. Folket må betale for alt dei trenger, inkludert mat, hus, strøm osv. Berre medisin, skule og sjukehus er gratis, og det er jo sånn det fungerer heime, bortsett fra at vi kan utvikle oss fritt utan inngrep fra staten og tjene så masse penger vi klarer. Det beste fra begge sider syns eg. Det einaste eg ser på som ein positiv faktor er at ingen er heimløse. Dersom du er sjuk og ikkje har muligheit for å betale for bolig, så skaffer staten ein plass å bu, men ikkje forvent for masse….

Kapittel 1: Narko og streeking!

Så, til min del av Cuba. Eg sitter igjenn med blanda inntrykk og faktisk ikkje så masse spennande å fortelle, men eg klarer vel å skrive ei bok om det uansett…
Min første dag i Cuba var litt interessang; eg kom til flyplassen og fikk den vanlige reaksjonen på skateboardet mitt: skeptisk….
Deretter kom ein heil haug med spørsmål om narkotika rasande mot meg til eg vart slept inn på eit lite kontor der fleire spørsmål venta. Mens eg prøvde å svare så uskyldig og overbevisande som mulig begynte den eine sersjanten å vaske hendene mine med ein tørr mikroklut. Ei stor maskin med eit mikroskopisk display stod foran meg og eg veit at 2+2=4. Eg var faktisk ganske nervøs med tanke på at eg hadde røyka dagen før i Costa Rica, og siden Kristian allerede har fortalt meg at turrister ofte blir fengsla uten særlig bevis i Cuba.

Mikrokluten gikk gjennom maskina mens eg følgte nervøst med på det lille displayet. 0.00 blinka det til slutt. Eg pusta letta ut med eit stolt smil, man veit jo aldri kva man kan ha komt borti… Sersjantane var mindre fornøgde og nikka til kverandre med eit grynt. Ein gang til, samme spørsmål for å teste om eg forandra på noke mens eg vart grundig gnidd på kver enkelt finger med mikrokluten. 0.00 pulserte på displayet som om det sa “hallo! 0.00!! Ser du eller?” Til slutt gav dei opp og bestemte seg for å sjekke baggasjen istadenfor. Etter å ha rota gjennom halvparten av den perfekte pakka sekken min begynte sersjanten å dra litt på smilebåndet og plutselig snakke litt engelsk. Eg var allerede sur med tanke på at det var eg som måtte pakke sekken på nytt (og eg hater å pakke!), og no fylte lufta seg med ein kvalmande stank av bestikkelse. Ikkje sjangs i havet at den fyren her skulle få ekstra betalt for å ødelegge systemet mitt og plage meg med sleipe spørmål. Så eg viste han ein etter ein dei skulte lommene i sekken min og ba han sjekke alt som var der. Når eg kom til topplokket som rommer 3 store lommer, vart han lei og ba meg stikke. In your face mister looking-for-a-bribe-mother-fucker!

Uten “lonely planet” bok følte eg meg ganske naken når eg stod utanfor flyplassen utan fjernaste aning om prisar, namn på hostel, foskjellige valutaer, adresser eller noke som helst. Eg hadde faktisk gjort litt research dagen før om hostel og prisar, men hadde mista lappen såklart.
Eg vart tilbudt eit “billig” hotell til 50$ som nesten fikk meg til å pisse i buksa. Eg reagerte kraftig og sa at eg visste det fantes eit hostel til 15$, men så lenge eg ikkje hadde eit namn og adresse nekta dei på at det eksisterte. Dei er faktisk veldig flinke til å samarbeide om å loppe turister i Cuba, det skal dei ha. Etter ein halvtime med argumentering, mens eg konstant gav tydlige tegn på at eg hadde lite pengar, fikk eg ei adresse til 25$ og ein Taxi til 20$.

Taxisjåføren stoppa midt i ei forfallen gate i Havana og sa “esta aqui”. Vi var tydeligvis framme. Eg ringte på døra som til slutt opna seg med eit kraftig smell. Ein etasje opp møtte eg ei utrulig søt gammal dame. Ho smilte til meg og geleida meg inn i huset sitt. Tony, sønnen hennar, satt ved bordet med eit stort, vennlig smil. På bordet stod det 2 “dukkehus” kopper med kaffe i. ” Cigarro?” spurte Tony mens han allerede var igang med å rote fram 2 feite Cubanske sigarer. Så var det berre å sette seg ned å nyte ein kopp med himmelsk cubansk kaffe og puffe på min første cubanske sigar. Casas particulares, som betyr vanlige hus, var definnetivt måten å bu på i Cuba.

2 dager seinare tok eg bussen til Cienfuegos for å endelig møte ein kompis. Kristian stod klar på bussplassen med ein endå klarare Ethan-Hawk-look enn noken gang før; med helsetrøye,,brun hud, solbleika hår, bart og litt skjegg på haka. Uansett kor masse eg nyter å reise aleine, så var det ufattelig avslappande å møte ein god kompis etter 5 lange veker.
Middagen var allerede bestilt i casaen til Kristian og eg fikk bu på rommet til Bente så det vart litt billigare (10$ natta).
Etter 3 dager med spansklesing, masse backgammon og eit par flasker med rom var det tid for Lise sin ankomst. Det er litt merkelig at 3 mennesker fra samme vennekrets i lille Førde tilfeldigvis skal til Cuba på samme tid. Men heldigvis fant vi ut av det før vi reiste og klarte å sammordne ein “randeu vuoi” i Cienfuegos. Det viste seg at den eine læraren (Gunhild) på universitetet til Kristian også var fra Førde og hadde jobba sammen med søstera mi! Merkligast av alt var når Bente kom heim ein dag og sa at ho hadde møtt ein anna person fra Førde som heitte Tore Kristian eller noke sånt. Dagen etterpå møtte eg Tore Kristian tilfeldigvis hos ein bokhandler, i ein by med 400.000 innbyggjerar… Det sjuke er at eg har møtt Tore Kristian 2 ganger dei siste 10 åra. Første gang i Surfers Paradise – Australia, og andre gang i Cuba. Sprøtt.

Det var ikkje så masse som skjedde i Cienfuegos, bortsett fra ronkeren som fulgte etter Lise ei natt til det gjikk for han (vanlig i Cuba), men gutter har sin eigen måte å lage morro på, som nesten alltid ender med å tøye regelverket litt…
Ein dag gikk vi på baseballkamp, som ironisk nok er nasjonalsporten i Cuba. Vi klarte å lure med oss ei flaske rom og litt pils til kampen, men alkoholen var ingen faktor i det som skjedde etter 2 pils. Pedram fikk plutselig ein åpenbaring som sa at vi måtte springe over bana under kampen. Ikkje akkurat noke du vanligvis gjør i ein streng politistat som Cuba. Men etter mange trussler om penger og feigheit klarte Pedram å rive oss med, klin edru! Eg forestilte meg politikøller og knyttnever etterfulgt av lange terror-avhør og alt anna man har sett på film, men tenkte at dette vil eg ikkje gå glipp av dersom det går bra. Så eg tok sjangsen sammen med Pedram, Kristian og Ruben. Vi reiv av oss t-sjortene og hoppa utfor den 3m høge muren. Eg landa ved sidan av Kristian som allerede låg på ryggen. “Man down!” tenkte eg med skrekk, men adrenalinet drog tak i meg og eg sprang for harde livet! Midt ute på bana hørte vi ein enorm jubel som spreidde seg over heile stadioen. Vi stoppa og hylla publikum, før vi klatra opp på scena på mosatt side.
“Det var jo ikkje noke stress” trudde eg mens eg såg etter dei andre. Alle var forsvunne og eg var plutselig den einaste kvite personen på tribuna, i bar overkropp… Planen var å spurte til nermaste utgang, men det hadde eg for lengst glømt. Eg jogga tilbake mot der resten av gjengen satt, når eg plutselig støtte på 7 uniformerte cubanerar med eit strengt uttrykk i ansiktet. Eit godt tak rundt nakken min og eg hadde ikkje noke anna valg enn å følge etter. Ute stod allerede Pedram og venta med fleire politimenn, Kristian og Ruben hadde klart å komme seg unna. Rundt 8-9 politimenn stod rundt oss og kjefta på oss på spansk. Pedram fikk med seg eit par setninger og sa “faen, de burer oss inne”. Dei ville først ha informasjon om dei andre 2 som sprang på bana og korfor i svarte vi gjorde noke så idiotisk, og korfor i hælvete eg stod der i barris! (Dei andre hadde tatt med seg t-sjortene over bana). Som ein reddande engel kom Julian, som er flytande i spansk, og fungerte som tolk for å forklare situasjonen med meir enn dei få nøkkelorda vi klarte å få fram. Til slutt fikk eg beskjed om finne dama som hadde tatt singletten min (ein lame unskyldning) og stikke derfra. Vi var heilt sjokkert, og faktisk litt skuffa over at ingenting meir skjedde. Vi hadde idet minste venta ein feit bestikkelse og 7-8 timer på kontoret! Det er jo Cuba!?
Resten av kvelden var vi konger på haugen og alle dei andre guttane angra surt på at dei ikkje var med. Neste dag vart vi gjenkjent på gata av fleire personer og koste oss med den gøye opplevelsen vi hadde fått. Nok ei stjerne i historieboka.

Kapittel 2: Sigarer og ruiner!

Sidan eg var i Cuba måtte eg sjølvsagt kjøpe Sigarer, det er jo nesten ulovlig å la vere… Kristian hadde fått med seg det meste av viktig info for å fikse gode sigarer og samtidig kjente han alle skurkane i Cienfuagos.
Alle i Cuba jobber jo såklart på sigarfabrikker og har dei beste sigarane…
Men det fins noken som har “the real stuff” på gata, du må berre vite korleis dei skal vere før du kjøper dei. Luis kom til meg og Lise på gata ein dag og ville selge ulovlige sigarer som alle andre, og eg valgte å sjekke ut varene med ein gang før noken avtale vart gjort. Vi vart dradd med til eit skittent, lite og forfallent hus der ein feit cubaner flekka fram noken esker som var limt fast under bordet. Sigarane var av ganske bra kvalitet og etter 6 ekspressoer som Luis betalte for inngikk vi ein avtale. Eg fortalte han etterpå at eg ville kjøpe sigarane til faren min, og då vart det plutselig litt meir liv i augene til Luis. Han begynte å legge ut om kor viktig familie er og kor teite alle turister er som kjøper billige sigarer og selger dei dyrare heime, og kor ærlig eg virka og blablabla. Men så sa han at han hadde noken endå bedre sigarer som var heilt ferske og som eg kunne få til samme pris sidan dei var til faren min. Eg hadde visst klart å berøre ein cubaners hjerte, noke som tydeligvis er ganske vanskelig.
Eg tokmed meg Eathan Hawk (Kristian) neste dag og sjekka ut varene. Dei var gjømt i eit endå skitnare og meir forfallent hus enn det forrige. Og inne satt det ei gammal dame og såg på direkte sending fra nordpolen (berre støy-signal for dei som ikkje har hørt uttrykket) på ein TV fra 50-tallet eller noke. Sigarane var rykande ferske og besto alle testane. Håper sigarkongen, kompisen til pappa, godkjenner dei.
Det virka ivertfall som om eg hadde fått førsteklasses, håndlaga sigarer fra Cuba!

Eg og Lise vart fort lei av å henge i Cienfuegos, og følte det var på tide å reise rundt litt på øya og ikkje minst få bekrefta oppfatnnga av Cuba. Oppfatninga vår var at alt ser likt ut, maten er like dårlig over alt, propagandaplakater strekker seg over heile landet, og alle Cubanerar er meir eller mindre rasister når det kjem til turister.
Etter 4 større destinasjoner fra nord til sør og øst til vest hadde vi bevis nok. Det fins ikkje krydder i Cuba, alle husa er ruiner, alle er fattige, og ingen var vennlige uten å forlange penger. Til og med småunger som holdt døra for deg i 2 sekund forlangte penger. Gamle menn prøvde å bere vannflaska vår 4 meter og forlange penger! Og ALLE prøver å lure deg ved å gi tilbake for lite veksel. Kor dumme trur dei at vi er?

Eit par koslige ting opplevde vi heldigvis. Men det var heller sjarmerande i måten ting utvikla seg p.g.a mangel på fungerande utstyr. Som når vi var på stranda og taxien vår måtte bli skubba igang. Eller når vi hadde tatt ein taxi etter grotte-disco og måtte skubbe taxien sjølv for at fyren skulle kunne dra tilbake. Eller bussturen vår som vart avbrudt 4 ganger fordi bussen kollapsa. Eller når bussen stoppa midt uti ødemarka om natta fordi bussjåførerane skulle ha ein kopp kaffe hos noken dei kjenteJ

Einaste husa som var i god stand var dei som leigde ut rom, dei som vi budde i. Men det blir jo aldri bygd nye hus i Cuba lenger. Dei går berre i arv. På 60-tallet delte dei ut hus til alle familier, og etter det bygde dei ikkje fleir. Så no går alle husa i arv, og som alle veit så vokser slekta etter kvert. Ein familie får 2 barn, som får 2-3 barn kver som får 2-3 barn kver osv. Men ingen fleire hus! Det einste du kan gjøre er å gifte deg med noken som har bedre plass eller bygge eit skur om du klarer å finne materiale til det. Heilt villt…

Siste dagen i Havana, som er den beste plassen i Cuba (kanskje fordi den er litt kapitalistisk), gikk eg og Lise rundt i byen og havna plautselig i “gamle Havana”. Siden alt var ruiner rundt oss trudde vi at vi allerede var i gamlebyen. Men plutselig var vi omringa av nydelige, svære bygninger fra kolonitida; og alle var i perfekt stand imotsetning til “nye Havana” som er ruiner. Ganske ironisk faktisk. Det var store marked der, mange store opne plasser, gamle kirker og deilig atmosfere. Det føltes som om vi var dradd tilbake til Spania, som faktisk bygde alle desse bygningane under kolonitida. Vi fant ein koselig restaurang som endelig hadde god, billig mat. Og samtidig var det eit band der somspilte låter fra “Hasta vista social club”, det beste bandet noken gang under den sjangeren.
Ufattelig glad for at vi fikk med oss det einaste fine i Havana før eg drog.

Kapittel 3: Blir eg rana no?

Mange har spurt meg om eg trur Cuba kjem til å forandre seg etter at Castro går av trona, og slik eg ser det så er det einaste utvei for landet. Dei går bokstavelig talt bakover i tid. Alle husa og dei fleste bilane er fra 60-tallet, og det er umulig å finne nye deler. Det beste dei kan finne er ein bedre brukt del. Ta bøndene f.eks; før hadde alle bøndene traktorar og greit utstyr. Så begynte traktorane å bli slitne og ødelagte, men staten importerte aldri nye traktorer og siden det er kommunisme er det ingen som har penger til å kjøpe ny. Etterkvert vart det umulig å reparer dei gamle traktorane og ein etter ein mista bøndene det mest vitale utstyret dei hadde. Idag fins det eit fåtal av trktorar og dei blir brukt til å transportere folk i store lasteplan. Om dei ikkje ser at dei snart nærmer seg U-land-tilstand så går det landet snart under virker det som.

Castro er for tida meget sjuk og det er ingen som har sett han på fleire månader! 80-års dagen hans var i August, men då var han for sjuk til å delta, så dei skulle feire den 2.des mens eg var der. Eg vart fortalt at Castro hittil hadde fått 2 sjangser til å holde offentlig tale, og at dersom han ikkje møtte opp denne gangen ville han bli erklært “politisk død”.
Eg veit ikkje kven som har makt nok i Cuba til å seie noke sånt, sikkert ingen, men Castro møtte ivertfall ikkje opp denne gangen heller. Eg prøvde å få svar fra folk, men allt dei sa var at han hadde gått på tryne og måtte opperere kneet sitt. Den var litt tynn, men det var det dei sa på nyhetene… Ein gammal mann fortalte at Castro muligens allerede var død, men at ingen fikk vite det endå. Dokke må forstå at Cubanerar er veldig forsiktige nå det gjelder å snakke om politikk, og det virker som om alle er meget redde for seie noke gale. Den gamle mannen sa at dersom Castro var død, så ville myndhetene vente til baseball-sesongen var over, velge ein nydelig dag og gå ut offentlig om mornigen med noke som:
“Castro sovna inn i natt, han hadde ein smertefri død” osv. Er ikkje det ganske sprøtt?

Når eg skulle dra fra Cuba hadde Tony fiksa ein taxi som var litt billigare og som kunne hente meg om natta. Det var eit gammalt par med ein lada som møtte opp på døra til Tony men det fortsatt var mørkt ute. På vei tilflyplassen spurte dei meg om alt mulig om livet mitt i Norge. Mannen som snakka ganske greit engelsk heitte Gorge, og eg fortalte han at eg har ein barndomskompis fra Columbia med samme mellomnamn. Begge vart med eit ivrige og begynte å lage ei historie som vi av ein eller anna grunn måtte øve på. Det er visst stregt ulovlig å kjøre turrister for penger sålenge du ikkje er registrert Taxi-sjåfør. Så visst politiet stoppa oss, noke som var ganske sansynlig sa dei, så måtte vi fortelle dei det samme. Historia vart slik: Eg kjenner Gorge i Norge, som igjenn kjenner dette gamle paret. Eg skulle til Cuba, og kompisen min spurte meg om eg kunne ta med ein spesiell medisin til ungen deira. Siden eg tok med medisin skulle dei kjøre meg gratis til flyplassen som takk for hjelpa. Etter litt stoppa dei og dama satt seg bak rattet. “Det er ingen damer som kjører taxi i Cuba” sa Gorge, og med det meinte han at det var mindre sjangse for at politiet stoppa oss.
Nesten frammestoppa bilen midt på hovudveien og Gorge hoppa ut. “Quickly, go go!” ropte dama, og det gikk opp for meg at dei ikkje hadde tillatelse til å kjøre inn på flyplassområdet. Eg drog ut sekkane mine og Ladaen spant sin vei vidare! Der stod eg, midt på hovudveien, på svartaste natta med nermare 25 kilo på ryggen og ein cubaner ved namn Gorge. Eg skal ikkje påstå at eg følte meg heilt trygg. “Blir eg rana no eller?” var stort sett det einaste eg klarte å få ut av hjernen. Gorge drog meg vekk fra veien og sa han skulle vise meg kor eg skulle gå. Eg vart peika i ein retning gjennom ein kirkegård og noken porter og at bak der skulle flyplassen ligge, så snudde han på helen og ropte “lykke til!”.
Eg var litt forfjamsa og redd, men glad for at all baggsjen min fortsatt hang på ryggen. Flyplassen var ingen problem, eg såg den opplyste himmelen bak kirkegården, man kva i svarte skulle eg sei dersom eg møtte ein politimann på vei dit? Han ville sikkert vite korfor i pokker ein kvit turrist med masse baggasje vandra i nærheten av hovudveien midt på natta? Det er ikkje akkurat slik vi pleier å komme til flyplassen!
Det gikk uansett greit. Eg kom til flyplassen meir enn ein time før flyet gikk, ingen politi, ingen narkotikaproblemer, og ingen som spurte om eg hadde ulovlige sigarer. Eg sjekka inn og kjøpte verdens eklaste hamburger for rsten av pengane. Aldri meir Cuba før dei skaffer krydder, tenkte eg og begynte å drømme om all den deilige maten eg skulle ete når eg kom til Mexico!

Prolog:

Norge kan gjerne bli kalle “Europas siste kommunistiske stat” for min del, men det er ikkje utan grunn at det er verdens beste land å bu i. Sjølv om politikerane er hata blandt mange av det norske folk for sine løgner og dårlige avgjørelser, så har dei skapt ein nydelig balanse mellom kapitalisme og kommunisme. Ikkje misforstå meg for mine dårlige kunnskaper om politikk og ismer, men det er slik eg ser på det og eg er meget fornøgd med tilværelsen min, det er alt eg vil seie.

Til slutt vil eg gjerne presisere ein ting:
I større sammenheng er kapitalismen verdens største fiende, den har alltid skapt krig, fattigdom og undertrykkelse på sin brutale vei rundt kloden. Det er eit stort dilemma for alle mennesker på jord, for samtidig som penger er rota til nesten alt vondt er det også einaste bilett til friheit i det systemet vi har skapt. Vi er rett og slett ikkje smarte eller barmhjertige nok til å lage eit system som fungerer godt nok for heile kloden. Men uansett om vi hadde klart det eller ikkje så er det nesten for seint å snu no…

Neste utgave: Mexico og verdens sterkaste Chilli!…….

GOD JUL FRA HÅVARD !!!!

One thought on “God Jul fra Håvard!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *