Håvard leter etter bananer?

Bjørnen og tigergutt, ein tegneserie som enkelte kanskje husker fra Barne TV, har lenge krangla om å legge ut på ei lang reise; ei reise til ein plass dei verken visste kor var eller korleis dei skulle komme seg til. Eg har lenge hatt Bjørnen og Tigergutt i minnet mitt, heilt sidan eg var rundt 10 år, og har alltid hatt eit ønske om å fullføre deira reise. Det einaste hintet dei hadde var ei trekasse med fantastiske bananer som kom drivande opp på stranda, og som var ingravert med eit enkelt namn…
Det er endelig tid for å dra til PANAMA!

Kapittel 1. Avskjed med godt selskap.

Etter rideturen i La Fortuna var vi nok ein gang på vei til skitne San Jose. Ikkje så vanskelig å tolke at eg misliker byen… Men 4 av svenskane skulle heim snart, og Fredrik var forstsatt eit pass unna fri reise over grensa. David skulle møte Jacob på sjukehuset og seinare reise vidare til Peru. Eg, som vanlig, hadde ingen klare planer, men visste at i San Jose hadde eg fleire valg og muligheter. Bussturen fra La Fortuna må eg fortelle litt om. Eg ser tilbake på bussturen mellom San Jose og Tamarindo med frykt og avsky, og hadde kort sagt ingen forventninger til denne turen. Alikavel klarte dei å overraske meg nok ein gang.

Vi hadde valget mellom to busser, den eine var tom, men gammal. Den andre var “ny”, som betyr med demperar og seter som sitter fast, men med ei sinnsjuk lang kø utanfor. Sjåføren forsikra oss om at det var plass til alle, og eg og David estimerte ca 80 seter inni bussen og så fort dei såg ein liten antydning til godkjennelse slengte dei sekkane våre inn i bussen. Der og då var det ingen vei tilbake og den gamle bussen vart meir og meir fristande dess lengre fram i køa vi kom. Eg, David og Trine vart fort klar over stillinga når vi kom inn i bussen.
Alle setene var opptatt og det fortsatte å renne folk inn i bussen. Setene vart fort glømt, det var no ein kamp om å finne den beste ståplassen på den 6 timer lange turen. David og Trine kapra plassen med trappa til bakdøra mens eg klarte å få ein plass mellom setene til Fredrik, David og KA. Det er vel unødvendig å sei at eg var passe stiv i låra fra rideturen dagen før, og det hjalp ikkje akkurat at eg måtte stå med bøyde kne for å ta imot alle hull og homper langs veien.
Etter ein halv time fikk David og Trine sitt etterlengta sete. Eg var no den einaste fra vårt følge som måtte stå, og det fortsatte å renne inn 10 pers for kver person som gikk av. Einaste sjangse var dersom noken som satt i nærheten skulle av. Ein anna ting som var litt skummelt var bakdøra, som tydeligvis ikkje fungerte heilt som den skulle. Sjåføren hadde store problemer med å lukke den, men det hindra han ikkje fra å kjøre i 100km/t mens folk satt i trappa. “Litt bris skader vel ingen” tenkte han sikkert. Av og til kunne den til og med opne seg uten forvarsel like kjapt som eit løst vindu blir opna i kraftig vind! Etter nok ein time på beina, i små perioder med to personer i breidda, fikk eg endelig min sjangse! Personen som satt ved siden av KA skulle av. Eg var overlykkelig siden låra mine gikk på siste dråpe av melkesyre på dette tidspunktet. KA fikk sitte innerst og hadde hodet sitt utanfor vinduet halvparten av tida for å nyte utsikta. Plutselig hørte vi eit kraftig smell, og der, rett ved siden av hodet til KA stod bakdøra. Eg såg på KA som gav meg eit sjokkerande smil tilbake. Hadde han hatt hode ut gjennom vinduet når det skjedde hadde han sikkert knekt nasa, eller i beste fall sluppe unna med ein hjernerystelse. Han holdt seg innanfor resten av turen.

Vi sjekka inn på Costa Rica Backpackers, eit stort hostel med egen restaurang, badebaseng, fin open plass med solsenger, eit stort kjøkken og gratis internett. Det einaste som mangla var eit livlig klientell og gjester. Vi viste oss å vere dei einaste som lagde lyd på plassen, og dei to norske jentene vi hadde med oss lagde nok lyd for min del. På grense til irriterande faktisk.
Dei var to typiske oslo-jenter, med lite hensyn til andre. Det første dei gjorde når vi kom dit var å ete opp restane til ein stakkars israliener utan å vaske opp etter seg.
Dessutan hadde dei tilbrakt masse tid i Hemsedal, spesielt “hemsedal cafe” der eg har jobba i 4 fulle sesongar. Dermed kunne dei alle dei plagsomme sangane dei spiller kver bidige helg under “afterski” som har busett seg i skallen min som ei irriterande pappegøye. Eg fikk frysninger kver gang dei begynte å synge på ein av desse idiotiske, elendige sangane, og all smerte og slit som har med jobben å gjøre kom tilbake på under eit sekund. Eg hadde lyst å slenge begge to ut gjennom døra og be vaktene aldri slippe dei inn igjenn slik vi gjør i Hemsedal! Men no var vi i San Jose, og det hadde gått andre veien om eg gjorde noke sånt her… Uansett så kjente eg at energinivået mitt sank i nerheten av dei, og det pleier å vere eit ganske greit tegn på at det er personer eg ikkje bør dele for mykje tid med. Litt synd siden Trine var snill og grei, mens Natt var ein evig plage på mange små områder.

Vi fikk siste nytt fra Jacob, som allerede hadde vert aleine på sjukehuset i ei veke. Dei måtte til slutt snitte opp lysken hans for å få ut innfeksjonen, antibiotica var rett og slett ikkje godt nok. Men han var på bedringens vei og skulle slippe ut etter nok ei veke. I Tamarindo, der Jacob først vart sjuk tok dei godt vare på han før han drog. Vaskedama ladge mat til han og pleide han litt. Dama som styrte hostelet hadde konstant kontakt med leger og sjukehus og sørga for at han kom til ein bra plass når han vart innlagd.
Som om ikkje det var nok, ringte dei begge til familiane sine i nerheten av San Jose og ba dei besøke han på sjukehuset! Eg trur faktisk vaskedama tok turen sjølv fra Tamarindo for å besøke gullgutten sin.
Det kaller eg god service!

Fredrik fikk sitt midlertidige pass uten større problem, og etter 2 turer og nesten ein heil dag med venting på den amerikanske embassaden, sitt etterlengta visum til USA. Det kom ikkje akkurat som eit sjokk. Ufattelig at det skal vere så latterlig vanskelig å mellomlande i USA…

Vi vart i San Jose eit par dager for å fikse det vi trengte, litt shopping, biletter til Cuba og sånne ting. Så var det på tide å seie adjø til mitt gode svenske reiseselskap. Det var ganske synd faktisk, for vi hadde det veldig gøy sammen, og vi hadde ingen problem med å underholde kverandre med humør og frekke komentarer. Men til slutt vil planane dra folk fra kverandre uansett. Kanskje for det beste. Det er bedre å skilles før mynten snur og man blir lei av kverandre. Det er derfor eg liker å reise aleine. Eg har allerede erfart at uansett kven man reiser med så er det berre snakk om tid før man begynner å irritere seg over kverandre og energien slutter å flyte fritt mellom personer.

Så eg vil berre sei til David: takk for alle morsomme øyeblikk og for at du aldri har tatt meg seriøs når eg har kalt deg stygge ting! Håper du får oppleve alt du ønsker vidare på reisa. Og hils Jacob fra meg og gi han bedre lykke fra no av, og takk han for all hjelp med leksene mine.
Til Fredrik, David, Joel og Kristoffer (KA): Dokke har også gitt meg mange morsomme øyeblikk og mange bra comeback-kommentarer! Kos dokke med vinteren i Sverige, den misunner eg dokke for. Joel, eg ser deg i Hemsedal i april! Veldig glad for at eg fikk reise med dokke alle den første månaden. Det gjorde det masse lettare for meg å begynne på denne reisa. Håper våre veier slår felles knuter i framtida.
Hasta luego amigos!

Kapittel 2: Bananas & Rum.

Liksom denne mailen begynte eg eit nytt kapittel på reisa mi, nok ein gang aleine, men med friskt håp for nye opplevelser og hyggelige sammentreff.
Eg satte meg på bussen fra San Jose til Changuinola. Planen var å dra fra Changuinola samme dag og ta ein båt til Bocas del Toro, ei øy utanfor Panama-fastlandet. På bussen var det ein del turister, og ein av dei kom bort til meg når bussen stoppa for matpause. Han heitte Lucas og kom fra Belgia. Sammen med noken kompisar hadde han flytta til Panama som utvekslingsstudent. Han fortalte meg at det var ei norsk jente blandt dei, og at ho sikkert ville møte meg. Marte vart overlykkelig når ho endelig fikk møte ein norsk person igjenn. Det er ikkje så mange av oss ute i verda faktisk… Ved utsjånad ville eg tippa at ho var rundt 20 år, dessutan virka ho moden i måten ho prata på og dels p.g.a at ho reiste aleine. Når eg spurte viste det seg at ho var 17!?
17 år gammal, blond jente som reiser aleine i eit år i Sentral Amerika? Det er tøft! Eg hadde fostått det dersom det var Thailand, Australia eller andre plasser der det florerer med andre turister, men Sentral Amerika, det imponerer meg!

Siden ho var så sjuk etter Norskt selskap spurte ho om eg ikkje kunne bli ei natt i Changuinola før eg drog vidare til Bocas del Toro, det var så lenge sida ho hadde prata Norsk og hørt nyheter fra Norge. Uten reisefølge eller planer hadde eg ingen problem med å takke ja til invitasjonen. Nok ein fordel ved å reise aleine er at du kan følge opp alle invtasjoner dersom du vil og det er lettare å få dei sidan ein person ikkje tar opp sa masse plass. Hadde heller ikkje hjerte til å forlate ei stakkars ung jente på 17 år når ho endelig møtte ein nordmann. Så ho inviterte meg heim til “vertsfamilien” sin der mora først var litt skeptisk, men når faren kom heim var det ein selvfølge at eg skulle få sove der. Dei budde i eit fint strøk i Changuinola som ikkje seier så mykje, men det var trygt og koselig med banantre i hagen og tre hunder, derav ein med tre bein.

Dei skulle feire nationaldagen til provinsen dagen derpå, så det var ingen som skulle jobbe neste dag. Eg såg det som ein ypperlig sjangse til å sprette min 5 år gamle rom som eg hadde i sekken, og den klarte å strekke på smilebandet til samtlige i huset. Lucas som eg møtte på bussen budde rett over gata og kom gjerne over for litt rom. Til slutt var vi 9 personer som satt på platningen og koste oss med rom og cola og delte historier. Flaska varte ikkje lenge, men med prisane her til lands var det ikkje akkurat vondt å springe til butikken å kjøpe ein ny liter med den finaste rom’en dei hadde. Vertsfamilien til Marte bestod av Aaron 30 år, Carmen 28 år og dei tre hundane. Festen bestod av oss, broren, mora og ein kompis av Aarom, Lucas og ein lokal kompis av Lucas. Vi drakk til langt på natt og dansa salsa i fleire timar, til god latter for dei lokale, sidan vi europearar umulig klarer å svinge hoftene på samme måte som dei. Det var ein god kveld med dei lokale eg seint vil glømme. Carmen lagde nattsnacks til oss fra stekte platas (ein slags type bananer) og stekte pølser, meget godt! Neste morgen før eg drog var det på tide med ein skikkelig lokal frokost som bokstavelig talt skremte vettet av meg! Den bestod av friterte maischips, fritert skinke, cheddar ost med ris med bønner. Ingen normal kost for ein norman som er vandt til knekkebrød og eit glass melk…

Lucas gav meg litt interessang info om Panama før eg drog. Han var vell informert over problema som Chicuita bananene skapte i byen. Det er i Changuinola dei store Chicuita plantasjane ligger, og dei krever store mengder med vatn og lys for å blomstre i takt med etterspørselen fra Europa. Dei er desverre ikkje velsigna med store fossefall eller dammer som vi er i nord med våre massive fjell. Derfor sliter dei med å forsyne seg med strøm, og banan plantasjene stjeler det meste som fins til tross for at bananer ikkje har noken nytte her nede. Her lever dei av “platas” istadenfor. Det er ein type bananer som er grønne, harde og som smaker heilt forskjellig. Derimot er dei ypperlig erstatning for poteter eller ris. Man kan steike, koke eller bake dei som man vil, og det smaker fantastisk!
I husstandane kan dei bruke maks to elektriske apparat om gangen for å ungå at dei små sikringane skal bli overbelasta. Og då snakker vi om små apparat som ei lyspære og ein CD spiller, eller TV og ei lampe osv. Alle komfyrer går på gass, og det fins ikkje ei einaste oppvaskmaskin i vanlige hus. Strømleverandøren har også monopol i heile landet så strømmen er veldig dyr.

Chicuita selskapet står også ovanfor eit stort dilemma; dei vil gjerne bytte fra vanlige bananer til platas bananer. Problemet er at det fins ikkje marked for bananer i Panama, men etterspørselen i Europa er stor. Derimot er det stor etterspørsel etter platas i Panama og eg trur dei er lettare å dyrke og har mindre skrupler siden dei er hardare og dei får ikkje så lett dei klassiske brune, mjuke flekkane som bananer får. Men dersom dei bytter ut banan palmene til platas palmer mister dei heile markedet i Europa. Eg fikk og høre at dei stakkarsane som jobber på plantasjane her tjener rundt 0,70$ i timen! Med erfaring fra Australia veit eg at det er ingen drømmejobb heller. Det er uttallige giftige edderkopper og slanger som gjømmer seg i trea, bl.a den gule lille banan slangen som er meget giftig, og alle irriterande bananfluene… Need I say more?

Vatn er også mangelvare i Panama, og for meg virker som at dette er eit volsomt kraftig aukande problem i stort sett heile verden. Australia spådde at dei var tomme for vatn i 2006 når eg var der for to år sida, og stadig ser eg nye advarsler mot å la vatn renne når du pusser tennene, dusjer, vasker opp o.l. Energikrisa er berre ein av dei få maktkampane som verden kjem til å møte dei nermaste åra. Vatn, som er kritisk for alt liv på jord, kjem til å bli den nye varianten av gull på planeten vår om få år. I tillegg til “svart gull”, altså olje, kjem vi snart til å få “krystall gull” eller noke liknande. Nok ein mulighet for dei rike til å bli rikare og nok ein miserabel faktor som gir dei fattige ein dårligare tilværelse. Det er vel berre å finne ein kilde så fort som mulig for å starte eit nytt vannmerke og vente på dårligare tider…

Før eg fikk satt mine føtter utanfor døra til Aaron og Carmen, sa dei at eg gjerne måtte komme tilbake når som helst. Og dersom eg ikkje hadde andre planer for juleferie så måtte eg absolutt komme tilbake og feire jul og nyttår med dei. Gjestfriheten er ufattelig stor her til lands. Det kunne aldri falle meg inn at noken fra Norge hadde gjort det samme med ein framand turist fra gata. Marte betaler 5000$ til organisasjonen for å bu hos ein vertsfamilie i eit år og gå på skule. Familien får ikkje ei krone…

Kapittel 3: Jungel Fever, og trommer fra hælvete!

Eg drog vidare til Bocas del Toro med eit lite Panama flagg eg hadde fått av Arron, klar for å feire nasjonaldagen til Bocas, ein av dei mange provinsane i Panama.
Når eg steig ut av båten hørte eg massive trommer som bromma i gatene. Det viste seg å vere eit massivt tog på fleier tusen personer, delt opp i mange grupper fra forskjellige provinser. Til og med presidenten av Panama var til stede for å hylle denne dagen. Toget patruljerte gjennom alle gatene i denne folksomme delen av øya, som er ei lita halvøy fra Colon som øya eigentlig heiter. Toget var så massivt at det varte fra 9 om morningen til 10 om kvelden. I 13 timer eigde dei gatene i Bocas. Trommene buldra gjennom gatene sammen med trompeter og xylofoner, og lot ingen slippe unna deira torden av musikk. Det var stort, massivt og nesten for masse.
Einaste negative ved den storslotte musikken var at eg hadde drukke ein halv liter rom dagen før og hadde ein massiv hodepine, så 3000 personer med skarptromme o.l er ikkje akkurat min kur for fyllasjuka, det var heller ingen måte å slippe unna siden dei hadde meg omringa på alle kanter.

Eg fant til slutt hostelet eg skulle bu på etter at eg hadde spasert ein time med 20 kilo på ryggen, i solsteiken side om side med toget. Hostelet låg uheldigvis midt på hovudgata. Lite visste eg om kva som skulle skje seinare på kvelden. Så snart eg hadde sjekka inn gikk eg til nermaste internett cafe for å finne Charlotte og Sofi. Dei hadde bestemt seg for å bli litt lenger i Puerto Viejo. Det var då eg kjente kroppen begynte å bygge på noke anna enn fyllasjuka. Som vanlig hadde dei lokale skrudd aircondition anlegget ned til ein idiotisk temperatur som alle syns er for kald. Eg kjente håra på kroppen begynte å reise seg, og for min del føles dette som om plagget tettast inntill kroppen blåser seg opp siden eg har hår på heile kroppen, og store mengder av det! Temperaturen i kroppen begynte å stige, men eg fraus meir og meir. Alt skjedde på veldig kort tid, men det var klarare enn supermanns “x-ray vision” at eg var i ferd med å få feber. Kryptonitt, tenkte eg og såg bittert på det forkastelige air-con anlegget som hang på veggen og flirte av meg. “Hmmrrr, hmmrrr…”, en backpackers verste fiende syns eg. Det har ødelagt helsa mi ein gang for masse.
Hadde lyst å rive det av veggen og kaste det gjennom døra som Berum “bratsa” gjør i Hemsedal, men dette er Panama så det hadde vel gått andre veien her…

Det var berre å ta veien tilbake til det skitne hostelet å svette det ut. Eg sørga for å drikke masse appelsinjuice og dytta i meg litt ekstra kvitløk før eg la meg, men søvn vart det aldri noke av dei to første nettene… Eg låg i ei elendig seng, øverst i køysenga. Stigen var heimelaga og skikkelig vond å trakke på, ivertfall siden alle delane av kroppen min verkte av smerte. Hodet mitt var som ei tikkande bombe som gikk av i takt med musikken fra det massive anlegget dei hadde satt opp rett utanfor hostelet.
Feberen min steig til over 40 grader iløpet av natta, og musikken stoppa aldri. Det som irriterte meg mest, bortsett fra at senga mi rista og plankane gnagde på hofter og rygg, var den ultra-idiotiske DJ’en som fada musikken kvert 3. sekund heilt ute av takt for skrike eit eller anna mambo jambo i mic’en. Det satt alt ut av rytme og flyt, så eg vart heile tida oppmerksom på noke nytt og dermed var det umulig å vende seg til lydane og prøve å sove. Når det endelig vart stille rundt 6 om morningen var augene mine blodsprengte og ørene mine hadde sin eigen lille pipekonsert. Deretter tok det maks ein time før snekkerane kom for å bygge nye rom og utvide hostelet, ikkje akkurat mors beste vuggesang. Dessuten vart magen mindre fast for kver dag som gikk og det føltes som om “Rio Denge” rant ut av bakdøra…
På dagtid var eg altfor sliten for å ta kontakt med noken, sjølv om eg virkelig behøvde noken som trøsta meg litt eller berre prata litt med meg, men no var eg virkelig heilt aleine og det føltes mindre godt. Eg begynte å savne sofaen heime i Førde og mamma og pappa som pleier å lage suppe til meg når eg er sjuk. Men no var det virkelig på tide å bevise ovenfor meg sjølv at 40 grader feber er det minste eg skal klare om eg først skal reise aleine. Eg tusla rundt i gatene i hettegenseren min i solsteiken og fikk mildt sagt ganske mange rare blikk.

To dager seinare drog eg til sjukehuset med fortsatt 40 i feber. Eg begynte å bli nervøs med tanke på alle svenskane som hadde fått dengue i Tamarindo og ville ta ei blodprøve for å vere sikker. Taxi-sjåføren såg rart på meg når eg kraup inn med hettegenser i nesten 40 varmegrader og fraus. Det var ein av dei varmaste dagane på lenge. Han spurte om det var eit nødstilfelle. Eg skalv fram eit ynkelig “nei”, så han kjørte like godt innom verkstaden for å sjekke om dei nye dekka hans var klare, noke dei ikkje var, dermed slapp han meg av på akutten…
Det er slik dei gjør det rundt her. Dei skal jobbe heile dagen uansett, så det er ingen vits i å forhaste seg. Til og med banken kan opne ein halv time for seint dersom frukosten er litt for god. “Tiempo del Ticos” kaller dei det i Costa Rica og betyr bostavelig talt “lokal tid”. “Snart” kan vere alt fra ein time til neste dag, litt frustrerande til tider.

Uansett så hadde eg sjekka ut fra hostelet før eg drog til sjukeuset i håp om å finne ein bedre plass der eg kunne få litt etterlengta søvn. På akutten stod ei stor svart dame med strenge briller og ein enorm munn. Eg spurte snilt om det var mulig å få tatt ein blodprøve. Ho såg opp i taket som om ho tenkte seg om og sa til slutt ” Me njot shøre if laborytory warking today. Let me chck” Ho forsatte å glo opp i taket og tok tre langsomme steg etterfulgt av ein langsom bevegelse mot telefonen. Ho holdt telefonrøret i tre lange sekund før ho løfta det, som om ho følte etter ei ledig linje. “Ju weit for da doctor heire”. Eg venta, venta, venta og venta. Folk kom inn, vart behandla og drog etterfulgt av nye folk som kom, vart behandla og drog. Air-con anlegget hang der på veggen og flirte av meg som vanlig, “hmmrrr, hmmrrr”. Etter 4 timar med hutrande kulde var det endelig min tur. Eg fylte ut eit skjema og sa kva eg ville. Dermed vart eg sent bort til laboratoret, som sendte meg tilbake til akutten for å betale for blodprøva som sendte meg tilbake til laboratoriet for å ta blodprøva som sendte meg tilbake til akutten for å vente på svar. Vart svimmel av heile prosessen, og den dundrande hodepinen i tillegg til blodet mitt som nermast kokte inni kroppen gjorde ikkje saken lettare.

Tilbake i venterommet skjedde det noke interessangt. Ein politimann kom inn med ein fange i håndjern. Han tok av håndjerna og ba fyren sette seg, ved siden av meg såklart. Han satt stille og sa ingenting. 2 minutter seinare kom ein ny politimann inn med ein ny fange, også han i håndjern. Samme prosedyre: av med håndjerna og sett deg ned, ved siden av meg såklart. Så no satt eg midt mellom to fanger og politimennene stod intill veggen på motsatt side av rommet med mange pasienter imellom oss. Den siste av dei to fangane var meir pratsom og lurte på kor eg var fra. Han virka hyggelig så eg opna for samtale siden eg ikkje hadde prata med noken på eit par dager. Han fortalte meg at han hadde blitt tatt for å smugle 150 kilo med kokain. Av 5 år hadde han allereie sona 3, og var inne for sin vanlige dopingtest. Eg fikk vite at i Panama er det eitt fett om du har 1 kilo eller 300, du må sone 5 år uansett. Vi diskuterte litt priser o.l og fikk vite at 150 kilo med cola er berre verdt 300.000$ i Sentral Amerika som er latterlig lite i forhold til gate verdien i Norge, men det kom ikkje akkurat som eit sjokk. Det var ein hyggelig samtale og smilebanda mine fikk endelig strekke litt på seg, mens dei andre var litt brydd over at eg koste meg i selskap med ein fange.

Politimannen kom for å feste på håndjerna igjenn og han ønska meg eit godt liv og håpte eg vart frisk fort. Som sagt, ein hyggelig mann. Du kan aldri vite kven dei er, men han var ein av dei hyggeligaste lokale som har begynt å prate med meg på lenge; nok eit bevis på at man aldri skal dømme personer før man har fått eit skikkelig inntrykk av dei.

Etter 6 timer total ventetid fikk eg endelig svar på prøva som heldigvis var negativ. Jakta på ny bolig derimot gav dårligare nyheter. Alt var fullt inkludert hostelet eg hadde sjekka ut ifra. Dagen før hadde eg støtt innpå Marcus og Hanna som eg hadde møtt før i Tamarindo. Dei budde på eit hotell med platning ut mot havet. Det var litt dyrt, men mitt einaste valg. Det kosta 25$ for eit rom, men då hadde eg TV, eget bad og heile pakka! Eit skikkelig hotell! Eg tok det siste rommet som dei hadde og håpte eg kunne finne to personer som eg kunne dele rommet med meg for å minske kostnadane. Eg hadde allerede kasta vekk ei veke med betalt skule p.g.a sjukdom og ville nødig kaste vekk meir pengar. Eg satt meg ned med det finske paret eg hadde møtt gjennom Marcus og Hanna før eg gikk for å leite etter rom-kamerater. Timo og Sanne heiter dei. Timo har vert profersjonell snowboardkjører i 5 år og vi hadde masse å prate om. Det var godt å få prate om felles interesse igjenn og diskutere felles bekjente. Han fikk meg virkelig til å savne vinteren heime i Norge.

Seinare fant eg 2 gutter fra Bask-landet mellom Spania og Frankrike. Når eg skulle vise dei rommet støtte vi på Timo og alle hender fauk opp i taket. Eg hadde visst funne dei to einaste i Sentral-Amerika som kjente Timo fra før. Nok eit fantastisk sammentreff. Etterkvart som vi koste oss på platningen, som er bygd ein halv meter over vatnet, og drakk pils og utveksla historier, kjente eg at feberen begynte å gå ned. Dei fikk nesten sjokk når eg målte feberen min til 40 grader mens vi satt og lo og drakk pils. Dei skjønte ikkje at eg i det heile tatt klarte å sto oppreist, men selskapet var godt og det gav meg ny energi. 2 netter seinare med god søvn og ingen “mts-mts” fra anlegget var eg frisk igjenn. Sosialt selskap har alltid vert min beste medisin, det har eg visst i mange år…
Under tida med feber og diare steikte sola stort sett kvar dag, men no når eg endelig skulle bli frisk nærma ein storm seg, og himmelen begynte å fylle seg med mørke, våte skyer mens vinden vart sintare for kvar time som gikk.

Kapittel 4: God helse = gode tider.

Timo fra Finnland viste seg å vere ein gullgutt utan like. Vi tilbrakte stort sett kvar kveld på platningen vår med eit par pils og prata mens vinden ulte og bølgene bruste. Han er medeigar av eit firma som bygger snowboardparker samt lager konkuranser og event’s i Finland. Firmaet er under stor vekst og han har stort behov for fleire folk med stor lidenskap for arbeidet. Så eg drar til Finland i slutten av april for å prøvejobbe og kanskje allerede begynne å kjøre trakkemaskin! Fett eller? Eg har aldrig før i mitt liv hatt ein jobb som eg har lidenskap for, men å bygge snowboardparker og henge med galne finner trur eg lett kan bli ein ny favoritt.

Mens eg satt på min fredelige platning, nesten heilt frisk fra feber-helvetet mitt vart eg plutselig overfalt av to personer. Det var mine to engler fra Sverige som hang rundt halsen min. Charlotte og Sofi, eit etterlengta selskap, hadde endelig funne veien til Bocas øyene, og eg var overlykkelig over å sjå dei igjenn. Med seg hadde dei Joel, ein kjernekar fra Canada som eg klikka veldig godt sammen med.
Dagen derpå vart vi invitert med på båttur til 3 forskjellige atraksjoner rundt Bocas av ei dame fra Panama. Ho samla folk for å få ned prisen pr. pers. Til slutt var vi 12 personer fra Canada, Finland, Norge, Sverige, Brasil og Panama som vart frakta rundt øyene mens stormen fortsatte sitt løp rundt øygruppa, men det stoppa ikkje eventyrlystne backpackerar. Båten hoppa fra bølge til bølge mens vatnet slo inn fra alle kanter, og rumpene våre vart stadig piska av dei harde trebenkane kvar gang båten landa fra eit av sine luftige svev. Men stemninga var god så vi tok det med frisk latter, ivertfall så lenge kjøleren var full av øl. Ein av plassane vi drog til var ein restaurang som var bygd over vatnet. Det var ikkje eit einaste tegn til sivilisasjon rundt oss bortsett fra dei oppbygde stiane som gikk fra bygg til bygg (dvs toalett, restaurang og bordplasser), og det var berre vi som var der sidan været var så dårlig, noke som gjorde tilværelsen endå bedre. Vi bestilte mat, knekte ein pils og hoppa uti vatnet for å sjekke ut dyrelivet. Snorkelutstyr var inkludert i prisen og vatnet som tilsvarte 29 grader var ein fryd i forhold til den litt kaldare lufta. Fiskane som flokka seg rundt risen som servitørane kasta uti vatnet gjorde ikkje saken verre…

Når vi kom tilbake var alle slitne etter ein lang dag på bølgene og det var på tide å “softe” på platningen. Ut fra eine døra, på vei til platningen, kjem ein stor amerikaner med eit kjent smil. “What the fuck!” roper eg mens eg slår Kevin i skuldra. Han skifta til eit sjokkerande smil og holdt seg sjølv på skuldra. “Oh my God! Let’s play someYatzi!” Det fins vel ikkje eit einaste ord i verden som kan plassere den mannen bedre enn Yatzi. Det tok ikkje lang tid før vi hadde samla 6 terninger, poker chips, 12 pils og hadde lagt pengane på bordet. Det var berre David som mangla for å skape ein identisk “Tamarindo-kveld”.

Neste dag, siden bølgene hadde begynt å vokse sammen med stormen, drog eg,Timo og Kevin på surfetur. Nok ein gang skulle eg ut å ri stormen, men denne gangen på eit surfebrett. Omgivelsane minte meg om den gangen eg og Simon drog på surfe-road-trip i Australia og stormen fulgte oss i meir eller mindre 3 veker, ingen lett tur for ein nybegynner.

Vi vart frakta med båt til dit bølgene var størst, og så var det berre å hoppe av båten og begynne å padle. Her var det ikkje snakk om å padle ut fra land, eller gå opp på ei strand når du vart sliten. Neida, du vart bokstavelig kasta ut midt på havet blandt dei store bølgene; det skalv i buksene mine…
Etter ei stud begynte eg å føle meg sikrare mens eg såg Kevin og Timo ri bølgene som om dei aldri hadde gjort noke anna, så kom neste sett rett bak meg og Timo brølte “duck dive!” Som kort sagt betyr å dukke under bølgene med brettet for å slippe billig unna, noke ingen av oss gjorde. Eg vart dratt under av 2 store bølger som kom tett etter kverandre. Brettet dunka i panna mi og revet skrapte under beina mine. Når eg endelig kom opp og klamra meg til brettet såg eg at Timo hadde blitt skyldt like langt inn som meg. “Keep going” sa han, men neste sett hadde allerede begynt å “close” over meg. 3 bølger til kasta meg rundt som ein tennissokk i ein tørketrommel. Eg gispa etter vatn og såg korallane mindre enn ein meter under meg. Det var berre å holde fast og vente på land. Revet hadde kutta meg opp litt på albuen og planta seg eit par plasser inni føttene mine, men det verste var at brettet til Kalle, kompisen til Timo, hadde fått seg ein god smell mens vi rulla over revet. Etter 10 min med pustepause prøvde eg å padle ut igjenn. Ikkje fordi eg hadde lyst til å surfe meir, men fordi det var umulig for båten å kjøre inn til land og plukke meg opp p.g.a dei store bølgene. Det var til ingen nytte, bølgene skylte meg opp igjenn på land fortare enn eg kan spise ei banan.
Eg måtte ta turen gjennom jungelen for å finne ei båthavn eller roligare vatn. Mens eg tusla rundt i jungelen, nok ein gang oppgitt over surfinga, kom eg til eit område med fullt av hull i bakken. Så begynte heile bakken å bevege seg ,og då såg eg dei. Overalt var det krabber som eg berre har sett på TV. Det var den typen som berre har ei klo, men til gjengjeld er kloa like stor som krabba sjølv. Eg hoppa rundt, mens dei prøvde å gjømme seg i hulla sine. Store auge poppa ut av hulla sammen med ein gigantisk arm; dei var ganske morsomme å sjå på.

Når eg fant ein molo eg kunne bli plukka opp på, satt eg meg ned vedsiden av det ødelagte brettet å venta. Neste som skjedde kom nesten som ein selvfølge; eit vindkast kom over moloen og plukka opp brettet mitt og kasta det på havet, berre for gøy virka det som. Igjenn måtte eg legge på svøm…

Vi vokna opp neste dag med glitrande, etterlengta sol gjennom vinduet. Det tok ikkje lang tid før vi hadde klart å samle sammen heile gjengen for å ta ein ny båttur, denne gang til Red Frog Beach. Etter ein rask tur gjennom jungelen kom vi til ein nydelig plass, omringa av palmer på alle kanter og ein stor bar i midten.
Rundt baren hadde dei hengt opp store husker istadenfor dei tradisjonelle barkrakkane, og fra alle tre rundt baren, samt trea som hang ut over stranda, var det endå fleire husker. Vi fulgte stranda litt bortover og fant vår eiga strand. Siden det blåste så mykje begynte Canadierane å bygge eit fort av palmer. Etter ei lita stund hadde vi bygd eit fort stort nok til heile gjengen, kun av midler fra naturen. Trea produserte sterke stolper samt tau på styrke med nylontau og palmeblada var ideelle som vegger, akkurat som på filmJ Ellers så såg vi eit par edderkopper og bladmaur på sin uendelige ferd.

Tilbake på øya var det tid for 80-talls fest, ein klassiker, og då møtte eg Trine og Natt igjenn. Dei budde på hostelet som holdt festen og det vart ein bra kveld.

Idag har eg hatt ein nydelig båttur fra Bocas til fastlandet siden eg må tilbake til San Jose snart. Vi suste gjennom jungelen i speedbåt opp dei trange elvene i Panama, skikkelig “Bond style”, mens vi studerte dei mange forskjellige fugleartane som har busett seg her.
No sitter eg i Pueto Viejo, der eg skal sove i hengekøy eit steinkast fra stranda i to netter før eg drar til Cuba for å møte Kristian og Lise fra Førde. I morra kjem Joel og Dylan for å holde meg med selskap. Har allerede møtt noken dansker og ein fra Finland, som eg har vert på jungel-tur sammen med. Vi såg 2 slanger, 2 dovendyr, forskjellige øgler, brøle-aper, “marcel-aper” og mange edderkopper. Eg møtte Marcel halvegs på turen og gav han eit par kjeks. Seinare kom 5 av brødrene hans springane mot meg og overfalt meg! Maken til frekkhet. Eg trur Marcel hadde benytta seg av jungel-telegrafen, for dei hoppa på meg, reiv opp posen min og tok resten av kjeksa mine…
Veit ikkje korleis ryggen min har det om to dager, men kva gjør man ikkje for ein god opplevelse?

Det var absolutt meir enn nok for denne gang. Nyt bildene, for eg veit ikkje kor mange det blir på denne turen siden Pixmania nok ein gang har gjort saken vaskelig for meg og ødelagt den einaste sjangsen eg hadde for å skaffe eit brukbart kamera.
Ein ting til: Eg møtte faktisk Sol fra Førde i Puerto Viejo! Kor stor er sjangsen for at eg skal møte naboen min i Costa Rica? Vi hadde berre ein halvtime, men tok ein tur på stranda og prata om reisene våre og kor liten verden er. Heilt utrulig…

Cuba og Castro er neste kapittel på reisa, og eg gruer meg ikkje akkurat… Nyt strømmen, sjølv om den er dyr, og gled dokke over kver dag det renner reint vatn gjennom springen. Det er ikkje mange i verden som har den luksusen vi fortsatt ikkje setter pris på!

Tenga buen dia amigos!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *