The End

Det er like før Håvard returnerer til det kalde nord. Her er siste del av hans fantastiske serie av reisebrev. I alle fall for denne gang.

Kapittel 1: Livet på bussen

Eg drog ned til Columbia med eit lite propellfly for å møte Mari. Flyet minte meir om ein buss enn eit fly, med sitt lange baksete og dei små stoppa vi tok for å sette av og hente personer. Eg har offisielt tatt min kortaste flytur noken gang som var på litt over 15 min.

Eg og Mari hadde eit stort prosjekt foran oss som skulle bli langt dyrare og tyngre enn forventa. Brasil er eit gigantisk land som er like stort som USA og då kan man forestille seg kor lang tid det vil ta å krysse landet med buss… Men kartet i boka er like stort som alle andre land, og målestokk er eit begrep som ligger langt bak i ordboka vår. Og før vi kom så langt skulle vi krysse heile Venezuela og ein god del av Columbia. Alt i alt fikk vi sove i seng ei natt av dei påfølgande 8. I Venezuela fikk eg heldigvis møte ein person i sitt eige miljø på vei gjennom landet. Bussen hadde stoppa for ein matpause og eg skulle ta ut penger. Så klart funka ikkje den einaste minbanken som stod der og vi vart ståande å sjå på dei andre pasasjerane som koste seg med skikkelig mat, noke vi ikkje hadde smakt på lenge. Eg begynte å prate med ei dame som jobba i suvenirkiosken for å prate litt dagelig spansk. Vi fikk ein god tone og før vi skulle dra vidare tilbudde ho å spandere mat på oss. Ho hadde ikkje masse penger, men det skulle rekke til ein liten matbit. Eg klarte ikkje å ta imot pengane, men til slutt gikk ho sjølv for å kjøpe 8 runstykker og to kartonger med eplejuice. Det ordner seg alltid for lysets krigerar J

Etter tre døgn -det vil seie nesten 72 timer i buss og eit næringsfattig liv som bestod av “Narvesen mat” av værste slag- valgte vi å ta ein pause og få med oss litt av det Brasil hadde å tilby. Vi tok inn på hotell (90 kr. for 2 pers) og gjorde oss klare for karnevalet i Manaus. Vi ankom tidlig og fikk berre med oss begynnelsen før vi måtte gi oss. 5 pils gjorde meir utslag etter den lange turen enn vi hadde trudd. Karnevalet var uansett massivt! Dei enorme byggverka rulla inn ein etter ein i alle fasonger, og det slutta aldri. Ved midnatt hadde showet så vidt begynt…
Vi måtte tidlig opp neste dag for å oppleve Amazonas, og senga frista meir enn noken gang.

Kapittel 2: Aligatorjakt og pirayafiske

Vi tok ein 4 timers elvebåt djupt inn i Amazonas til eit hus som var bygd på ei flytebrygge. Her skulle vi bu i 2 dager. Etter ein god lunsj kom Miguel, ein gal jungelmann som er vandt til å fange anakondaer, for å ta oss med på pirayafiske. Det var ganske sært å fiske med ku som agn, men det funka ivertfall. Pirayafiske er ingen lett sak for dei som trur at ein liten kjøttbit vil fange 30 ADHD-ville fisker på under eit sekund. Dei er noken lure små beist og tar ein liten bit av gangen, så dersom du skal fange den må du rykke akkurat i det den biter, noke som ikkje er så veldig lett siden man ikkje ser nokenting i det svarte vatnet. Mari fikk ein fisk og Miguel fikk 7. Eg fikk ingen…

Tilbake til flytehuset vårt var middagen klar og etterpå tok vi ein dukkert i det mørke vatnet. Miguel forsikra oss at det var trygt, men det var fortsatt litt skummelt. Vatnet i Amazonas var absolutt noke for seg sjølv, det virka rett og slett som om det var tjukkare enn normalt. Flyteevna var nesten som i saltvatn, og når du dykka under og opna augene fikk du følelsen av å svømme i ein stor kopp med Earl Grey te. Når du var under vatnet kunne man sjå at det var rødt, og sola var som ei glødande appelsin, eit fantastisk syn!

Mørket fallt på og Miguel var klar for neste eventyr, vi skulle på aligatorjakt. Vi hoppa ned i ein liten båt og tok fatt i padleårene. Miguel, eg og ein anna jungelmann padla sakte gjennom den svarte jungelen mens Mari slappa av og naut utsikta. Det var fortryllande å berre padle mellom gras og tre i mørket. Himmelen var opplyst av den klaraste stjernehimmelen eg noken gang har sett og overalt var det lyder av uante skapninger.
Vi stoppa mellom masse trær og Miguel lyste rundt i vatnet med lommelykta si og ba oss vere heilt stille. Så hoppa han uti det knehøge vatnet og forsvant i mørket.
“Mary!” hørte vi etter ei lita stund. “I found one!” sa Miguel og kom ut av mørket med ein liten aligator i handa. Vi fikk holde den 8-12 mnd gamle aligatoren på tur før Miguel klødde den litt på magen og slapp den fri.
“I see anotherone. I’ll go get it” sa Miguel og hoppa uti vatnet igjenn. Heile situasjonen var heilt enkelt surrealistisk. Vi er djupt inne i Amazonas og det er bekmørkt, i vatnet fins utallige skapninger som kan ende livet ditt før du kan seie “oops, there she goes”, og her har vi denne fyren som hopper uti for å leite etter aligatorar? Sært… Eg ville gjerne bli med Miguel å fange ein aligator med eigne hender, men då kom den andre bushmannen tilbake fra mørket og sa at han hadde møtt ein meget giftig slange, så vi måtte dra…
På veien tilbake klarte eg ikkje å konsentrere meg om padlinga. Alt rundt meg var for overveldande! Stillheten i Amazonas var ubeskrivelig og vatnet låg blikkstille heile dagen. Om natta når eg skulle pusse tennene låg eg og studerte stjernehimmelen; i vatnet! Så stille var det, og det fantes ikkje eit einaste lys som kunne trenge gjennom den tjukke jungelen for å forstyrre mørket.

Vi låg og sov i hengekøyene våre, utan nett eller vegger, når Miguel vekte oss klokka 5 om morningen. Vi skulle ut å sjå på soloppgangen. Igjenn hoppa vi i båten og suste gjennom det enorme elvesystemet. Lufta var kjølig, men vatnet låg rundt 25-30 grader heile døgnet så det var enkelt å få varmen tilbake i kroppen.
Vi spiste lunsj og frotsa i søte tropiske frukter før vi gjorde oss klare for ein tur i jungelen.
Miguel viste oss alle tre og vekster man kunne nytte til alt fra medisin til bildekk. Vi drakk vatn fra trea og smurte oss inn med maur som indianerane brukte som innsektsmiddel. Ironisk…
Det er utrulig kor mykje man kan utrette direkte av naturen utan å behandle råvarene. Og alle luktene som man trur er fabrikklaga kjem rett fra naturen. Mauren lukta som friskt innsektmiddel, andre planter lukta røykelse og tannkrem. Og der var medisiner av alle slag og til og med rein latex, noke eg alltid har sett på som eit 100% kunstig materiale. Men fantastisk nok så kjem bildekk og kondomer rett fra jungelen J Etter ein liten badetur og leiking med fisker var det på tide å ta turen heim. Delfinane svømte rundt oss heile veien tilbake til huset vårt, der den store elvebåten venta. På soldekket hadde dei satt opp hengekøyer så vi kunne ligge i på vei tilbake til Manaus…

Kapittel 3: Mental Revolusjon

Veien vidare til Zumbie, der Visa kortet til Mari og returbiletten min til Norge holdt hus, bestod av 2 flyturer, rundt 25 timer med buss, 45 minutter med moped på hompete vei og med 35 kilo på ryggen, og til slutt ein 20 minutters gåtur på stranda med joggebukse i solsteiken og like masse vekt. Då skal eg sei det var deilig å komme til ei rykande fersk leilighet med enorm dobbelseng, varmt vatn, kjøkken, vakker stue, platning, hengekøy og trådløst internett. Og som alltid er det beste i livet gratis J Foeldrene til Tea, veninna til Mari som eg møtte i New Zealand, eiger leiligheta og tilbudte oss å bu her så lenge vi trengte.

No sitter eg her, rett nedanfor ekvator -der vatnet i dassen går feil vei og karlsvogna har velta- og nyter dei siste dagane ved havet. Ein perfekt avslutning på reisa spør du meg. Etter ei lang reise er det deilig å bli oppvarta av dei som jobber med leilighetene og late seg i hengekøya med ei god bok til den siste dagen kryper langsomt ned i sekken min.

Eg har hatt ei fantastik reise, og som eg nemte i forrige mail så har eg oppnådd eit nytt mentalt stadie i livet mitt. Det er ikkje så lett å forklare kva eg har opplevd så eg har nytta meg av den fantastiske fantasien vi er utstyrt med for illustrere min mentale revolusjon. Eg skulle gjerne ha laga historia 4 ganger lenger, men då hadde ingen orka å lese den, så derfor er den litt simpel.

Snart skal eg heim til mit kalde, vakre land og nyte den hærlige vinteren sammen med alle mine gode kompiser, og eg må seie at det er fantastisk å kunne oppleve så masse gøy i andre deler av verden og samtidig ha ein plass der heime som eg savner meir enn alt anna!

Håper dokke liker historia. Vi ses snart!

Bjørnen sin vei…

I dei fagre skoger blandt fargerike trær og sildrande, høge fjell budde det ein bjørneflokk. Alle bjørner der var som bjørner er; fiska laks om dagen, levde det late liv om kvelden og sov om vinteren. Alle var vande med det trygge livet ved elva som fora dei med feit laks, og dei høge fjella som gav beskyttelse mot alt utanfor. Gråbjørn var lederen i flokken og visste allt om livet og korleis ein best skulle utnytte seg av naturen for å feite seg opp til den lange vinteren som kom kvert år på samme tid. Men det var ein liten bjørn som skilte seg ut blant resten av flokken, og Gråbjørn var alltid ute etter å sette Bjørnen -det enkle namnet han hadde fått- på plass. Høsten spreidde seg blandt skogen og malte alle vekster med gylne farger for å vise alle skapningane kva dei hadde glømt å sette pris på og som snart skulle forsvinne. Bjørnen låg i graset og naut alle fargane som strålte ut av skogen mens han smakte på den friske høstlufta. Det er som ein solnedgang i kvert enkelt tre tenkte han idet Gråbjørn brumma ved sidan av han.

“Laksen svømmer ikkje på land veit du, og vinteren har heller ikkje omtanke for dei som fryser” sa Gråbjørn med hard og djup brumming. Bjørnen reiste seg i det mjuke graset og svarte med sur tone
“Men eg er ikkje sulten, og for øyblikket er eg varm nok.”
“Du forstår ikkje Bjørnen” sa Gråbjørn og stramma seg litt opp for å vise lederskap. “Kroppen din trenger alt det ekstra overskuddet du kan fiå når du skal i hi for vinteren.”
“Kva om eg ikkje vil gå i hi for vinteren?”
Gråbjørn rista sakte på hodet og la an eit lite sarkastisk smil før han svarte
“Og kva har du tenkt å gjøre ellers? Har du noken gang møtt ein bjørn som ikkje har gått i hi?”
“Nei, men eg kan vel vere den første. Eg vil ikkje sove vekk ein heil vinter. Det fins vel andre ting å ta seg til!”
Lei av den usaklige samtalen snudde Gråbjørn seg vekk og ropte tilbake til Bjørnen “Gå og fisk! Resten av flokken venter ved elva!”
Domme Gråbjørn, tenkte Bjørnen. Det er vel ingen som skal sei at eg skal ete fisk når eg er mett! Sint og frustrert begynte han å gå lengre vekk fra flokken. Mens han vandra gjennom skogen tenkte han på alt som han ville gjøre istadenfor å fiske. Kvert år var det samme, det var liksom ingen som gjorde noke! Dei berre fulgte Gråbjørn sine råd og lot alt vere som det var.
Kva med alt anna? Kva med dei høge fjella? Kva var det der oppe, og kva var bak dei? Kva med alle farer og hærligheter? Korleis ville det vere å oppleve dei? Eg har eit liv, og det er mitt, og eg er sulten på meir! tenkte Bjørnen idet han oppdaga at han hadde gått seg vill. “Denne skogen kjenner eg ikkje” sa han til seg sjølv og såg seg rundt.

I det eine treet hoppa eit ekkorn fram og tilbake med nøtter. Plutselig stoppa ekkornet og speida utover landskapet.
“Pass deg for ulvane!” ropte ekkornet til Bjørnen.
“Ulver?” spørte Bjørnen seg sjølv før han såg ein slevande flokk med 5 ulver komme springande mot han i det fjerne.
“Opp i tredet! Ulver kan ikkje klatre!”
“Kan eg det då?” spurte Bjørnen tilbake.
“Ingen trur dei kan det, men det er berre å bruke det du har. Skynd deg! Bruk labber og klør så kjem du deg opp!”
Bjørnen satte klørne i treet og kjente at han hadde grep. Forsiktig klatra han oppover mens han klamra seg fast med vill frykt for å dette ned. Like etter var ulvane på plass og hoppa opp etter bjørnen som allerede var oppe med ekkornet.
“Dæsken! Kva gjør eg no?” spurte Bjørnen og kjente at det dunka i brystet hans.
“Sett deg deg på ei grein og vent. Dei gir opp snart. Her. Ta ei nøtt sålenge” ekkornet holdt ut ei stor nøtt som han tydeligvis var meget stolt av tatt i betraktning det store smilet hans.
“Så, du er ein bjørn du?” ekkornet sprang fram og tilbake med nøttene sine og omplasserte den eine etter den andre.
“Ser slik ut ja, og du er eit ivrig lite ekkorn.” konstanterte Bjørnen.
“Det dunker i brystet mitt og labbane mine rister. Kva skjer?”
“Haha, vart litt redd hæ?” lo ekkornet mens det studerte ei ny nøtt som han deretter plasserte omhyggelig på eine sida i hullet sitt.
“Redd? Har eg aldri vert før. Ganske spennande faktisk.”
“Ikkje så gøy når du har ulvetenner i nakken. Men det er verdt å oppleve.”
Bjørnen koste seg med nøtta og smilte for seg sjølv mens han kjente på følelsane sine. Så det er slik det er å vere redd…
“Det er akkurat dette eg meiner! Eg vil ha meir av dette! Fleire dager med spennande eventyr og følelser. Dette er masse gøyare enn å fiske kver dag og følge Gråbjørn sin levemåte!” utbraut Bjørnen rett før han fikk ei nøtt i skallen.
“Kva snakker du om? Kven er Gråbjørn og kva gjør du eigentlig her? Har aldri sett ein bjørn i denne delen av skogen før.” ekkornet kasta endå ei nøtt til Bjørnen og la seg på greina oppafor.
“Vel, Gråbjørn er lederen i flokken og forteller oss korleis vi skal leve og overleve. Eg ville ikkje fiske, så eg vandra rundt i skogen og gikk meg vill.”
“Forteller oss korleis vi skal leve?” spurte ekkornet. “Er ikkje det opp til kver enkelt å finne ut? Du kan ikkje leve etter oppskrifta til noken andre. Alle har forskjellige sjeler å fore, og forskjellige sjeler krever forskjellige typer for.”
“Og det seier du som samler nøtter som alle andre ekkorn? Du er ikkje akkurat så veldig forskjellig!”
“Hey! Vil du ha nøtter eller?” freste ekkornet tilbake, men la til eit lite smil for å dempe diskusjonen. “Ja, eg er eit vanlig ekkorn, men det er fordi eg liker å vere ekkorn og eg er glad i nøtter. Eg har prøvd alt anna og funne ut at nøtter er min ting, og at livet som ekkorn passer meg bra. Eg veit ivertfall at eg ikkje vil ha noke anna.”
Bjørnen studerte den lille nøtta som låg i poten hans mens han fordøyde utsagnet til ekkornet
“Eg veit eigentlig ingenting eg” sukka Bjørnen.
“Så finn det ut då vel! Det hjelper ikkje å sitte i eit tre og spise opp nøttene til eit stakkars ekkorn mens du sutrer!”
“Det skal eg!” sa Bjørnen med ny gnist. “Men kor skal eg begynne?”
“Lytt til følelsane dine, gjør det DU vil, det sjelen din vil. Følelsane dine er veiviseren din i livet ditt, og for å finne ut kva sjelen din vil må du først lytte til den. Og den snakker til deg gjennom følelsane dine. Ingen kan bli bli lykkelig ved å gjøre som andre seier, og det er jo det som er heile meininga.”
“Meininga?” ekkornet svarte ikkje siden det hadde munnen full av nøtter.
Bjørnen smakte på lufta som han alltid gjorde og lytta til følelsane sine, men det tok ikkje lang tid før ekkornet begynte å prate igjenn.
“Kva vil du akkurat no? Kva føler du for?”
“Eg vil opp på toppen av dei fjella som omringer oss. Det har eg alltid hatt lyst til.”
“Wow! Snakk om å begynne stort!” lo ekkornet. “Men om det er det du vil så må du gjøre det. Det kjem til å ta deg lang tid å komme dit, men det blir nok ein fin opplevelse. Det er vakkert der.”
“Har du vert der?” spurte Bjørnen ivrig og såg opp på ekkornet. “Korleis er det der? Kva er på andre sida? Korleis kom du deg dit?”
“Haha, sulten liten bjørn er du! Gå og sjå for deg sjølv, det fins ingen bedre måte å gjøre det på. Men du trenger mat på veien, og det fins ikkje så mange fisker der oppe om du veit kva eg meiner.”
“Nei” sa Bjørnen spørrande.
“Snøen kjem snart til å kle heile skogen og elvene kjem til å fryse til is. Men under snøen ligger nok av mat for den som leiter, og vatn har du rundt deg overalt dersom du tiner den i munnen.”
“Eg skal nok klare meg” sa Bjørnen bestemt og begynte å klatre ned fra treet. “Takk for nøttene og for at du redda meg fra ulvane. Om eg får muligheten skal eg betale tilbake med samme mynt.”
“Det veit eg at du vil. Husk Bjørnen, du lærte deg å klatre idag utan å tenke over det. Sålenge du lytter til sjelen din og fortsetter å fore den vil alt vere mulig, og då er det ingen grenser for kva du kan lære.”
Bjørnen tok avskjed med ekkornet og begynte å vandre mot dei mektige fjella mens han tenkte på flokken sin. Kanskje dei liker å fiske? Kanskje dei vil leve slik Gråbjørn ber dei leve. Men eg har mitt liv å tenke på og min eigen sjel å fore. Det er jo klart at ingen er like! Og ingen bortsett fra meg kan vite korleis eg vil leve! Det fins så mange ting eg ikkje har sett endå, og det fins så mange skapninger eg aldri har møtt. Det fins så masse! Bjørnen smilte for seg sjølv og tok inn alt han kunne av inntrykk fra skogen. Og den fylte sjelen hans med lykke og energi! Plutselig såg han alt det vakre som naturen hadde å tilby. Han hadde ofte gleda seg over dei mange tinga som var i naturen, men no såg han alt med nye auge. Ikkje det minste miraklet slapp unna følelsane hans. Eit blad som svaia i lufta på vei ned mot bakken, mauren som jobba så flittig med tua si, vinden som rasla i trea og skyene som leika på himmelen. ALT var fantastisk! Og på veien fant han mange saftige bær og feite nøtter.

Veien var lang, og snøen hadde begynt sin ferd ned til bakken, men Bjørnen smilte av den nye følelsen han fikk av kald snø som smelta i pelsen hans og dei nydelige snøkrystallane som blinka som stjerner på bakken.
“Hei! Her bjørn! Her!” Ein liten kvit hare hoppa opp og ned eit stykke unna Bjørnen. Rare hare, tenkte Bjørnen og gikk bort til han.
“Haremor sitter fast i ei klo! Kan du hjelpe oss?”
“Klart eg kan. Vent litt, korfor er det ingen som er redd bjørner lenger? Alle hilser og snakker til meg som om eg var ein av dei. Du veit at eg kunne ha trakka på deg og spist deg som forrett?”
“Vel, eg er ikkje akkurat så veldig redd dyr som stråler, dessuten er eg masse kjappare enn ein feit, liten bjørn”
“Stråler?” spurte Bjørnen.
“Kom! Vi må forte oss!” sa haren og hoppa gjennom snøen.
Dei kom til ein anna hare som låg i snøen med labben fastklemt i ei felle.
“Du må opne den så ho kjem seg løs” sa haren mens han hoppa rundt fella i all fortvilelse.
“Korleis skal eg klare det? Eg har aldri sett ei slik klo før.”
“Bruk musklane dine vel! Press den opp eller noke!”
Bjørnen snuste litt på kloa og begynte å presse tennene fra kverandre og til slutt trakk Haremor labben sin ut av fella.
“Takk” sa Haremor letta og gnidde den såre labben sin. “Kva gjør du her ute med den mørke pelsen din? Du er eit lett bytte med den fargen.”
“Hvilken farge? Og bytte for kven? Ulvane er eg ikkje redd for, dei kan ikkje klatre eingang.”
“Du er brun som jorda, og det fins meir enn ulver å passe seg for, dei som legger ut desse klørne for eksempel. Korfor trur du vi er kvite om vinteren?”
“Har eg aldri tenkt på. Uansett, eg skal til fjella der oppe og har ein lang tur foran meg, så dersom alt er bra…”
“Til fjella? Ja då trenger du ivertfall ny farge. Det vil ta lang tid å komme seg dit, og kver dag er fylt med like mange farer som hærligheter. Du må bli eitt med snøen lille venn:”
“Og korleis skal eg klare det då? Eg vart født brun og har alltid vert det”
“Det er fordi du aldri har behøvd eller ønska det før. Eg ser du er ein kriger av lyset så det kan vel ikkje vere så vanskelig?”
Bjørnen såg spørrande på haren. “Kva meiner du med kriger av lyset?”
“Du stråler, som alle andre lysets krigerar. Det betyr at du er lykkelig, at du fyller sjelens behov så den kan stråle.”
“Stråler eg? Haha så gøy!”
“Når sjelen din får det den trenger behøver den ikkje å vende lyset innover for å fortelle deg kva du skal gjøre. Istaden er den fri og kan nytte lyset til å samarbeide med deg og gi energi til andre.”
“Men korfor ser eg ikkje at du stråler?”
“Vel, som alt anna må man leite for å finne. Dessutan er vi ganske brydde med det som har skjedd her med kloa og alt. Man kan ikkje vere glad og lykkelig heile tida. Men slik er livet, det går opp og ned. Utan ulykke fins ingen lykke veit du.”
“Du har vel rett i det” svarte Bjørnen.”Men korleis skal eg klare å skifte farge?”
“Du er ein kriger av lyset vennen! Bruk lyset ditt. Det har større krefter enn du trur. Dersom du samarbeider med sjelen din kan du oppfylle alle ønsker. Lytt, så finner du ut av det. Lykke til på reisa di og takk for at du redda meg fra kloa. Om eg får muligheten skal eg betale tilbake med samme mynt.”
Bjørnen smilte “Det veit eg at du vil, og det har du eigentlig allerede gjort.”
Snøen vart tettare og Bjørnen konsentrerte seg hardt for å lytte til sjelen sin. Eg er sulten, eg vil ha mat tenkte han og begynte å snuse i snøen. Til slutt fant han ei busk med svarte bær som var begravd i snøen. Mens han gomla på bæra såg han at labben hans hadde blitt kvit og at den spredde seg oppover til ryggen hans. Han lo for seg sjølv og spiste til han vart mett på bær.

Vinteren hadde satt tenna inn for å dekke alt den kom over og vinden gjorde sitt for å hjelpe. Det var både surt og kaldt og Bjørnen var sulten likesom sliten og kald. Livet går sannelig opp og ned tenkte han. Men eg tar alt eg kan få. Eg vil oppleve og føle alt eg kan. Ingenting kan vere godt dersom ingenting er vondt.
Bjørnen hadde gått langt og lenge, pelsen hans var heilt kvit, og på ferden aleine hadde han hatt god tid til å lytte til sjelen sin og tenke over livet som han hadde fått. Han strålte som aldri før.

På toppen av fjellet, der Bjørnen ankom med ein sjel fyllt med lys og lykke, var det eit enormt, nakent tre. Alle blada hadde lagt seg på bakken før snøen kom for å fore insekter som igjenn fora treet ved å gi jorda ny energi. Og på toppen av treet satt ei svart ørn med glitrande kvite vinger som strålte av alle verdens farger.
“Eg ser du går din egen vei” sa ørna utan å sjå på Bjørnen.
“Eg går der eg vil” svarte Bjørnen og la seg ned ved foten av treet for å kvile.
“Ja, ellers hadde du ikkje vert her:”
Bjørnen hadde ingenting å seie til kommentaren og fortsatte å kvile. Det var det han han følte for no,
og han syns at han fortjente det.
“Korleis var turen din?” spurte ørna og såg endelig ned på Bjørnen.
“Hærlig, kald, slitsom og opplevelsesrik.”
“Bra, du kan å sjå ting fra fleire sider.”
Bjørnen vart nyskjerrig “Kva meiner du?”
Ørna snudde seg mot Bjørnen og pakka vingene tett rundt seg.
“Normalt uttrykker man seg med den sterkaste følelsen man har. Sei at turen din var veldig slitsom. Då ville du normalt sett sagt at turen var forferdelig. Eller dersom turen din var eksepsjonelt nydelig så ville du sagt at den var deilig. Sannheten er at ingenting er noke utan det andre. Man veit ingenting før man har vert på begge sider. Du kan aldri vite om du er mett dersom du aldri har vert sulten. Du kan aldri vere blind dersom du aldri har sett. Og viktigast av alt…” Ørna snudde seg tilbake til sin orginale posisjon. “…du kan aldri vere virkelig lykkelig utan å ha vert ulykkelig. Spørsmålet er om du vil vere lykkelig uviten eller om du vil prøve å bli lykkelig viten. Livet består av fleire sider og det er viktig å oppleve alle for å kunne forstå det som skjer og korleis andre har det.”
“Korfor forteller du meg alt dette?” spurte Bjørnen og kom seg på beina.
“Eg ser at du har komt langt på vei allerede, særlig med den kvite pelsen du bærer, og eg vil hjelpe deg vidare.”
“Vidare kor?”
“Til å fullføre sjelen din så du kan bli det du vil. Den som leiter finner alltid, og den som finner får. Du har vel allerede funne ein del har du ikkje?”
“Jo, eg har lytta og gjort som eg har følt. Eg har fått eit liv og eg har tenkt å utnytte det som best eg kan.”
“Det er godt å høre. Eg er alltid glad for å møte lysets krigerar. Og det er sant som du seier, det er ikkje verdt å kaste vekk den største gava man får. Kom opp i treet med meg så kan du nyte den vakre utsikta fjella tilbyr.”
Bjørnen klatra opp i treet og la seg på motsatt grein av ørna. Under dei spreidde verden seg i alle fasonger og farger. Kvit, blå, rød, gul, brun og grønn. Utsikta gjorde Bjørnen glad, men samtidig litt oppgitt. Korleis skal eg klare å få oppleve alt dette?

“Er du sulten på meir?” spurte ørna og såg på Bjørnen.
“Alltid. Og det kjem eg alltid til å vere.”
“Det er det som er krafta di. Så lenge du er sulten på meir har du kraft til å leve. Sulten er sjelen din som søker meir lys. Det er ikkje alltid like lett å fore sjelen, men det er viktig å kjempe så hardt som du kan for å mette den. Husk at seieren er størst for den som har jobba hardast, og nederlaget er størst for den som har gitt opp. Uansett kor langt nede du er, så fins det alltid belønning i enden. Og den er alltid vert prisen du har betalt, nettopp på grunn av prisen du har betalt. Det eg meiner er at alle følelser er viktige å oppleve for dei tjener kverandre begge veier. Uten den eine eksisterer ikkje den andre. Og om du forstår dette og samtidig går din eigen vei kan du klare alt, og då meiner eg ALT!”
Bjørnen fortsatte å nyte utsikta og innsåg at sjelen hans fortjente å få utleve alle sine side før livet var over. Det er jo tross alt den som er drivkrafta i livet. Uten den er man berre ei samling av atom som alle andre.
“Du forstår vel meininga no bjørn?”
“Meininga? Jo, det gjør eg faktisk.”
“Så gjør som du vil og lykken vil vere med deg” sa ørna idet den la seg på rygg ned den uendelige bratte fjellveggen og suste gjennom lufta.
Bjørnen låg litt til i treet og tenkte på alt ørna hadde fortalt han før han reiste seg med stråler av alle farger.
“Eg er opplyst no” sa han og spreidde vingene sine

Det er slik eg har opplevd livet i det siste. Eg låg på senga mi ein dag i Antigua og hadde akkurat satt på ein film på PC’en min. Spansk leksene mine var fullført og ved siden av meg hadde eg brus, vatn, frukt og chips. Klar for å mette alle behov. Så slo det meg plutselig, og eg begynte å le for meg sjølv. Alt vart heilt klart og meiniga med livet stod foran meg som ei logisk likning. Kor bra har eg det ikkje? Kva meir kan eg forlange? Eg har alle muligheter! Det er berre til å utføre dei! Kva meir kan eg ønske meg?
Vel, uansett kva det er så er det berre å oppfylle dei! Så lenge eg gjør det eg har lyst til så er eg lykkelig. Og det er vel det som er heile poenget, å vere lykkelig! Eg seier ikkje at man kan gi opp alt man har og berre gjøre det man vil resten av livet. For å oppnå meininga med livet må man jo såklart jobbe, og for enkelte krever det meir enn for andre. Men eg har fått muligheten og eg har fått eit liv som er berre mitt, og du kan banne på at eg skal leve det på min måte. Noke anna hadde jo vert heilt idiotisk! Og dersom eg skal leve livet mitt på min måte så må eg lytte til kva eg vil. Så lenge man ikkje trakker på andre sine føtter så må man få gjøre akkurat som man vil. Det er jo logisk, alle er forskjellige og vil forskjellige ting.
Og dess fleire man hjelper på veien dess bedre; det gjør ivertfall meg lykkelig.
Fra det øyeblikket har eg sett alt på ein litt anna måte. Det er som om eg har fått muligheten til å sjå alt det vakre i ting, uansett kor små detaljer så finner eg dei. Tegnefilmen eg såg på vart til eit av dei største mesterverka eg noken gang har sett! Eg kan sjå og oppleve ting for det dei virkelig er bedre enn noken gang. Verden er fyllt med mirakler og eg har endelig fått gava til å verdsette dei, og når eg gjør det så øker energien min og gleden sprer seg i heile kroppen!

Eg føler at den største oppgava eg har i livet er å utleve alle sider av meg sjølv. Eg vil oppleve og føle alt eg kan. Det er ingenting som lærer meg meir her i livet enn nye følelser, så eg vil ha alle! Eg vil hate og bli hata, elske og bli elska, eg vil grine og le, vere sint og sur, føle smerte, angst, misunnelse og lykke! Gi meg inn! Eg er opplyst og kan ta alt verden har å gi meg! Uansett kor gale tilverelsen min blir fra no av så veit eg at det fins belønning så lenge eg klarer å stå imot. Eg må berre seire over meg sjølv så eg finner veien tilbake til det gode. Eg har hatt 2 perioder i livet der eg virkelig har vert langt nede, og etter begge slaga har livet mitt blitt betraktelig masse bedre. Eg har blitt ein sterkare og gladare person ved begge tilfella, og eg har lært masse om meg sjølv. Så neste utfordring tar eg imot med opne armer, for eg veit at det er nok ein bonus i andre enden. Uten den eine vil eg aldri få den andre og den fulle sannheten ligger i begge ender av samme sak…

Eg ser ikkje på mitt liv som det ultimate livet for andre, men at det er ultimat for meg. Og så lenge eg går min eigen vei så vil det forstette å vere slik.

That’s all folks!
No drar eg heim igjenn.
Vi ses i Norge.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *